FlyktninghelsetenestaLytt til tekstenStopp avspillingFlyktninghelsetenesta vil syta for at nye flyktningar, asylsøkjarar og familiegjenforeinte får tilbod om helsetenester. Kva kan du få hjelp til Helsesamtale innan 3 månadar. Råd og rettleiing om kva helsehjelp du kan få og kvar du kan venda deg Informasjon om og tilvising til frivillig gratis legeundersøking og gratis tannlegeundersøking Informasjon om lovpålagt tubekuloseundersøking Hjelp til innmelding i fastlegeordninga Tilbod om vaksinar Borna vil følgje det ordinære helsestasjonstilbodet 0-23 år Flyktningar, asylsøkarar og andre personar frå land med høg førekomst av tuberkulose, og som skal opphalda seg i Noreg i meir enn tre månader, har plikt til å gjennomgå tuberkuloseundersøking innan 14 dagar etter innreise. Det inneber IGRA test (blodprøve) og/eller lungerøntgen, etter gjeldande retningslinjer. For personar under 18 år er det ikkje eit vilkår at personen har lovleg opphald. For personar over 18 år utan lovleg opphald gjev lova kun rett til nødvendig helsehjelp Pris Tenesta er gratis. Her finn du meir informasjon om flykningtenester i kommunen Publisert13.01.2020 08.16 Sist endra03.11.2020 12.52