Kommunal bustad

Du kan søkja om å leiga kommunal bustad om du ikkje klarer å skaffa eigna bustad sjølv eller med anna offentleg hjelp. Oppfyller du krava og vert prioritert, vil du få tilbod om leige av kommunal bustad. Kommunale bustader er av ulik storleik og standard.

Det er to tilbydarar av kommunale bustader i Øygarden; Øygarden kommune og Bustadstiftinga. Oppfyller du krav til kommunal bustad kan du søkja til begge, på eigne skjema.

Krav til søkjar

For å søkja om kommunal bustad, må du oppfylla desse grunnvilkåra:

  • Du må vera fylt 18 år på vedtakstidspunktet
  • Du må på søknadstidspunktet ha budd i Øygarden kommune dei siste 12 månadene (unntak for flykningar.)
  • Du må vera utan eigna bustad
  • Du må ikkje ha uoppgjort gjeld til Øygarden kommune eller Bustadstiftinga knytt til tidlegare leigetilhøve
  • Du må vera i ein vanskeleg økonomisk situasjon.

Pris

Husleiga er basert på gjengs leige. Kommunale leigetakarar kan søkja om statleg bustønad. Bebuar må som hovudregel stilla depositum sjølv.

Søk om kommunal utleigebustad

Fyll ut søknadsskjemaet og send søknaden til Øygarden kommune og/eller Bustadstiftinga saman med vedlegg som til dømes:

  • Utskrift av likninga
  • Lønns/trygdeslipp for dei siste to månadene
  • Leigeavtale og eventuell oppseiing dersom du leiger bustad m.m

Søk elektronisk om kommunal bustad - Øygarden kommune

Søknadsskjema - Øygarden kommune (for utskrift) (PDF, 256 kB)

Søk elektronisk om kommunal bustad - Bustadstiftinga

Saksbehandling

  • Søknaden vert behandla så snart som mogleg.
  • Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, får du skriftleg grunngjeving frå kommunen.
  • Vi vurderer om du oppfyller grunnvilkåra for kommunal bustad. Dersom det er fleire søkjarar enn ledige bustader, vil vi prioritera mellom søkjarar med størst behov.
  • Du får skriftleg tilbakemelding om kva type bustad du har fått og kven du kan kontakta dersom du har spørsmål.
  • Leigeavtalen skal inngåast med Øygarden Bustadutvikling KF eller Bustadstiftinga. Denne er tidsbestemt i 3 år og forlenging av leigetilhøvet etter 3 år vert vurdert ved ny søknad. 
  • Ved bytte av kommunal bustad må det leverast ny søknad.
  • Søknaden om forlenga kontrakt må vera levert til Øygarden kommune eller Bustadstiftinga innan 6 månadar før leigetida utgår.

Nyttige nettsider

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00


Ta kontakt med Koordineringssenteret
for spørsmål ang søknad
om kommunal bustad
476 92 408