Kommunal bustad

Den enkelte innbyggjar har sjølv ansvar for å skaffa eigna bustad. Tilbodet om kommunal bustad er å gje eit tilbod til personar som av sosiale, helsemessige eller økonomiske tilhøve er vanskelegstilte på bustadmarknaden.

Etter søknad kan innbyggjar få leiga ein eigna kommunal bustad, samstundes som det vert arbeidd for at innbyggjar på sikt skal få etablert seg i eigen bustad.

Det er to tilbydarar av kommunale bustader i Øygarden; Øygarden kommune og Bustadstiftinga. Oppfyller du krav til kommunal bustad kan du søkja til begge, på eigne skjema.

Krav til søkjar

Søkjar må på søknadstidspunkt:

  • Ha lovleg opphald i Noreg
  • Ha budd i Øygarden kommune dei siste 12 månadane. Kriteriet kan avvikast dersom søkjar har særleg tilknyting til kommunen.
  • Vera over 18 år.
  • Ha låg inntekt og formue som gjer at det ikkje er mogleg å skaffa seg eigna bustad. For å kvalifisera til låg inntekt nyttar kommunen desse inntektsgrensene:
    • Husstand med ein person 3,5 G
    • Husstand med to personar 4,0 G
    • Husstand med tre personar 4,5 G
    • Husstand med fire personar og meir 5,0 G
    • Ha eit manglande eller utilfredsstillande bu-forhold

Uoppgjort gjeld

Dersom søkjar har uoppgjort gjeld frå tidlegare leigeforhold hjå Øygarden Bustaforvalting (ØBF) eller Bustadstiftinga, kan kommunen avslå søknaden, eller stilla ytterlegare vilkår i husleigekontrakten. Slike vilkår kan vera nedbetalingsavtale, trekk i utbetaling eller andre måtar for å sikra husleigebetalinga til kommunen.

Pris

Husleiga er basert på gjengs leige. Kommunale leigetakarar kan søkja om statleg bustønad. Bebuar må som hovudregel stilla depositum sjølv.

Søk om kommunal utleigebustad

Fyll ut søknadsskjemaet og send søknaden til Øygarden kommune og/eller Bustadstiftinga saman med vedlegg som til dømes:

  • Utskrift av likninga
  • Lønns/trygdeslipp for dei siste to månadene
  • Leigeavtale og eventuell oppseiing dersom du leiger bustad m.m

Søknadsskjema - Øygarden kommune

Digital søknad
Søknadssystemet heiter Kobo, og er utvikla av Husbanken. Det er enkelt, brukarvennleg og ivaretar personvernet ditt. Det er Øygarden kommune som mottar og behandlar søknaden din. 

Du loggar inn gjennom den nasjonale ID-porten. Logg inn og fyll ut digital søknad. 

Søk elektronisk om kommunal bustad - Øygarden kommune

Søknadsskjema på papir
Papirskjema for kommunal utleigebustad - Øygarden kommune (PDF, 256 kB)
Send ferdig utfylt og signert skjema til:
Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong

Søknadsskjema - Bustadstiftinga

Søk kommunal bustad - Bustadstiftinga

Saksbehandling

  • Søknaden vert behandla så snart som mogleg.
  • Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, får du skriftleg grunngjeving frå kommunen.
  • Vi vurderer om du oppfyller grunnvilkåra for kommunal bustad. Dersom det er fleire søkjarar enn ledige bustader, vil vi prioritera mellom søkjarar med størst behov.
  • Du får skriftleg tilbakemelding om kva type bustad du har fått og kven du kan kontakta dersom du har spørsmål.
  • Leigeavtalen skal inngåast med Øygarden bustadforvaltning KF eller Bustadstiftinga. Denne er tidsbestemt i 3 år og forlenging av leigetilhøvet etter 3 år vert vurdert ved ny søknad. 
  • Ved bytte av kommunal bustad må det leverast ny søknad.
  • Søknaden om forlenga kontrakt må vera levert til Øygarden kommune eller Bustadstiftinga innan 6 månadar før leigetida utgår.

Nyttige nettsider

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00


Tasteval:
1. Helse, omsorg og velferd
2. Bustad og sosiale tenester
3. Kart, bygg, veg og eigedom
4. Spørsmål om faktura
5. Andre førespurnader

eDialog
Send e-post på ein sikker måte