Bustadtenesta

Bustadtenesta tilbyr buoppfølging i Øygarden kommune.

Målgruppe

  • Personar som har utfordringar knytt til psykisk helse og rus
  • Personar som er bustadlaus eller i fare for å bli det
  • Vaksne (over 18 år)
  • Personar som ynskjer å meistre sin eigen busituasjon

Kva er Housing first?  

Housing first er ein modell for oppfølging av bustadlause. Housing First er eit lågterskeltilbod til menneske som treng og ynskjer støtte til varig bustad. Målet er at alle skal ha ein trygg og stabil heim, uansett livssituasjon. Det er ingen krav om å vere rusfri eller å ta imot rusbehandling. Housing first følgjer deltakaren, ikkje bustaden. 

Kriterier

Person som:

  • er i målgruppa
  • har vore busett i Øygarden kommune dei siste 12 månadane
  • godtek vilkåra i ein standard leigekontrakt
  • samtykker til at buoppfølgarane i Housing First teamet får tilgang til bustaden minst ein gong i veka
  • samtykker til at buoppfølgarane kan samarbeide med andre aktørar for å saman finne dei beste løysingane saman med personen

Lån og økonomisk stønad til bustad

Nyttige lenkjer

Bustadtenesta
Telefon 56 16 00 00


Avdelingsleiar 
Maria Yndestad
940 21 859

Teamkoordinator 
Josefine M. Førde 
477 89 484