Familie- og rettleiingssenter

Barne, ungdom og familietenester er tenester samansett av ulike fagpersoner med brei kunnskap og kompetanse om barn, unge og familiar. Vi er eit tverrfagleg tilbod som gjennom rettleiing, kurs og samtalar skal ivareta og fremme psykisk og fysisk trivsel og god helse hos barn, unge og familiar, samt bidra til å styrke barn og unge sine oppvekstsvilkår.

Gjennom kurs og temabasert rettleiing ønskjer vi å ruste og støtte profesjonelle som arbeider med barn  og unge, og saman finne gode utviklingsstøttande tiltak.

Kva tilbyr vi?

Vi kan gje hjelp og rettleiing til forelder /foreldre /par dersom du/de:

  • Har barn og strevar i foreldrerolla, eller ønskjer å samhandle betre med barnet
  • Ønskjer  kunnskap om korleis de som foreldre kan gi støtte og tryggleik til barnet.
  • Er par/forelder/foreldre som treng hjelp til å komme ut av negative kommunikasjonsmønstre med kvarandre/med barnet/barna
  • Ønskjer rettleiing i høve til ulike utfordringar i foreldrekvardagen

Kven er vi?

  • Helsesjukepleiar
  • Spesialsjukepleiar i psykisk helsearbeid
  • Pedagog
  • Barnevernspedagog
  • Familieterapeut

Søk om hjelp og rettleiing

Skjema for foreldre og føresette (PDF, 800 kB)

Skjema for tilsette (PDF, 156 kB)

Utfylt og signert skjema skal sendast til:
Øygarden kommune - Familie- og rettleiingssenter
Ternholmvegen 2, 5337 Rong

Pris

Tenesta er gratis.

Familie- og rettleiingssenter
Mobil 90 56 74 45