Ungdomsrådet

Ungdomsrådet er eitt av tre lovpålagde medverknadsorgan i kommunen og skal fungera som talerøyr for ungdom overfor dei folkevalde. Sidan ungdom under 18 år verken har stemmerett eller kan stille til val, er moglegheita deira til å påverka politiske avgjerder avgrensa. Ungdomsrådet er derfor ein viktig arena som sikrar at unge får reell medverknad og blir høyrde i saker som påverkar kvardagen og framtida deira.

Ungdomsrådet sitt ansvarsområde

Rådet har ikkje vedtaksmynde, men fungerer som eit rådgjevande organ for kommunen i alle saker som gjeld ungdom. Dette inneber at rådet har rett til å uttala seg – både på eige initiativ og i saker dei får til behandling – og desse uttalane skal leggjast ved saksdokumenta til det kommunale organet som fattar vedtak i dei aktuelle sakene.
Saker som vedkjem ungdom spenner vidt. Dei kan til dømes omfatta, men er ikkje avgrensa til, tema som budsjett, planar, samferdsel, helse, miljø, skule, kultur og idrett.

Ungdomsrådet - samansetjing

Ungdomsrådet har 11 medlemmer i tillegg til politisk kontakt. Ungdomsrådet er valde for perioden 2026-2027.

Reglement for ungdomsrådet

Rettleiar

Meir informasjon om rådet sine oppgåver, rettar og overordna ramme, finn du i Veileder for ungdomsråd.

Sjå alle kommande møte

Tidlegare møte og saker

I møteplanen finn du oversikt over tidlegare møte. Under «møtetidspunkt» kan du velja periode.

Representantar i ungdomsrådet

Medlemer og varamedlemer til ungdomsrådet for perioden 2026-2027 - Klikk for stort bileteMedlemer og varamedlemer til ungdomsrådet for perioden 2026-2027