Råd for personar med funksjonsnedsetjing

Råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF) er eit av tre lovpålagte kommunale medverknadsorgan. Formålet er å sikre at synspunkta og behova til personar med funksjonsnedsetjing vert synleggjort og ivareteke i kommunale avgjersler.

Rådet sitt ansvarsområde

Rådet har ikkje vedtaksmynde, men er eit rådgjevande organ for kommunen i alle saker som vedkjem menneske med nedsett funksjonsevne. Det vil seia at rådet har rett til å uttala seg, både på eige initiativ og i saker dei får tildelt, og desse uttalane skal følgja saksdokumenta til det kommunale organet som fattar vedtak i dei einskilde sakene. 

Særskild aktuelle saker for råd for personar med funksjonsnedsetjing er saker relatert til likestilling, likeverdig tilgang til kommunale tenester, og universell utforforming. Slike saker kan til dømes vere innan (men er ikkje avgrensa til) saker som omhandlar plan, barnehage, skule og utdanning, helse og omsorg, transport, og kultur og fritid.

Samansetjing

Råd for personar med funksjonsnedsetjing har 9 medlemmer der 6 er frå organisasjonar som representerer personar med funksjonsnedsetjing, medan 3 er politiske representantar.

Rettleiar

Rettleiar for råd for personar for nedsett funksjonsnedsetjing (Bufdir)

Sjå alle kommande møte

Tidlegare møte og saker

I møteplanen finn du oversikt over tidlegare møte. Under «møtetidspunkt» kan du velja periode.

Representantar i råd for personar med funksjonsnedsetjing

Råd for personar med funksjonsnedsetjing - Klikk for stort bileteRåd for personar med funksjonsnedsetjing