Koordineringsutvalet (KDU)
Koordineringsutvalet (KDU) har som oppgåve å planlegga og førebu møte i folkevalde organ. Dette handlar blant anna om å planlegga og samordna aktuelle plan- og utgreiingsprosessar på tvers av ansvarsområda til utvala, og avklara nødvendig saksbehandling i ulike saker.
Ansvar og oppgåver
Koordineringsutvalet har ikkje vedtaksmynde og kan ikkje fatte avgjersler i politiske saker. Dette inneber at utvalet ikkje kan drive saksbehandling i møta. Politisk initierte saker skal som hovudregel komma gjennom vedtak i eit av fagutvala nemnd over. Koordineringsutvalet kan likevel be administrasjonen utgreia saker for behandling i dei andre folkevalde organa.
Til kvart møte i KDU vert det lagt fram ei oversikt over saker som skal opp til behandling i dei ulike utvala framover. Denne oversikta blir lagt ved sakspapira før møtet. Etter møtet blir det utarbeidd ei oppdatert liste over saker som ligg føre.
Samansetjing
Utvalet er sett saman av ordførar, varaordførar og leiarar i kommuneplanutvalet, levekårsutvalet og plan- og miljøutvalet.
Kommunedirektør og kommunalsjefar deltek på møta og orienterer om status og framdrift i pågåande saker. Ordførar og kommunedirektøren orienterer kort om kva som rører seg i og rundt kommuneverksemda.
Sjå alle kommande møte
Tidlegare møte og saker
I møteplanen finn du oversikt over tidlegare møte. Under «møtetidspunkt» kan du velja periode.
Representantar i koordineringsutvalet
Sist endra 28.01.2026 14.59