Formannskapet

Formannskapet er eit sentralt politisk utval i kommunen og har ei viktig rolle i både løpande politisk styring og som klageinstans i saker som blir avgjorde av kommuneadministrasjonen. Formannskapet er valt av kommunestyret og speglar samansetjinga av dei politiske partia i kommunestyret.

 

Formannskapet er kommunen sitt nest øvste styringsorgan. Formannskapet førebur saker for kommunestyret og har mynde til å fatte vedtak i mindre saker og i særskilde hastesaker.

Fullmaktene til formannskapet går fram av kommunen sitt politiske delegeringsreglement. Reglementet avklarar kva saker formannskapet kan avgjere sjølv, kva saker som skal vidare til kommunestyret og kva saker som ikkje kan delegerast.

Politisk rolle og ansvar

Formannskapet førebur ei rekkje saker som skal vidare til kommunestyret for endeleg vedtak. Utvalet har også sjølvstendig avgjerdsmynde innanfor dei fullmaktene som er delegert i kommunen sitt delegeringsreglement. Dette gjeld mellom anna saker om økonomistyring, planarbeid, næringsutvikling og andre område der kommunen har behov for effektiv politisk behandling mellom kommunestyremøta.
 

Formannskapet er klageutval

Frå 19. juni 2025 overtok formannskapet ansvaret som kommunen sitt klageutval. Det betyr at formannskapet behandlar klager på enkeltvedtak som er fatta av kommuneadministrasjonen, når ikkje anna klageinstans følgjer av lov. Ordninga er heimla i forvaltningslova § 28.
Døme på klagesaker som formannskapet behandlar som klageinstans:

  • vedtak om helse- og omsorgstenester
  • opptak i barnehage
  • HC‑parkeringsløyve
  • startlån
  • plass i kulturskulen
  • brannvernvedtak
  • kommunale gebyr og liknande forvaltningsvedtak

Som klageinstans vurderer formannskapet alle sider ved saka og kan leggje vekt på nye opplysningar som kjem til under klagebehandlinga. Utvalet kan avvise klaga, oppheve det tidlegare vedtaket, endre vedtaket eller stadfeste det.


Mange av klagesakene inneheld opplysningar som er unnatekne offentlegheit. I slike saker vert møta haldne for lukka dører, i tråd med reglane om teieplikt og unntak frå innsyn. Dersom ei sak ikkje inneheld teiepliktsbelagde opplysningar, vert ho behandla i ope møte.

Følg møtet på kommune-TV

 

Du kan følgja møta direkte eller sjå opptak på KommuneTV.

Gå til KommuneTV

Sjå alle kommande møte

Tidlegare møte og saker

I møteplanen finn du oversikt over tidlegare møte. Under «møtetidspunkt» kan du velja periode.

Representantar i formannskapet

Ordførar Tom Georg Indrevik, H - Klikk for stort bilete
Varaordførar Anita Garlid Johannesen, FrP - Klikk for stort bilete
Andreas Kallekleiv, H - Klikk for stort bilete
Nils Kåre Skoge, H - Klikk for stort bilete
Silvia Haugland, H - Klikk for stort bilete
Espen Stølsnes Harkestad, Ap - Klikk for stort bilete
Marianne Sandahl Bjorøy, Ap - Klikk for stort bilete
Robert Lund, INP - Klikk for stort bilete
Ingvill Kvalsnes Blom, KRF - Klikk for stort bilete
Jan Utkilen, SL-TVØ - Klikk for stort bilete
Jonas Foldnes, SV - Klikk for stort bilete