Eldrerådet

Eldrerådet (ER) er eit av tre lovpålagte kommunale medverknadsorgan, og skal vege opp for at eldre ofte er underrepresenterte i folkevalde organ. Formålet er å sikre at synspunkt frå eldre vert ivareteke i kommunale avgjersler.

Eldrerådet sitt ansvarsområde

Eldrerådet har ikkje vedtaksmynde, men er eit rådgjevande organ for kommunen i alle saker som vedkjem menneske med nedsett funksjonsevne. Det vil seia at rådet har rett til å uttala seg, både på eige initiativ og i saker dei får tildelt, og desse uttalane skal følgja saksdokumenta til det kommunale organet som fattar vedtak i dei einskilde sakene. 

Saker som vedkjem eldre famnar bredt, og kan til dømes vere (men er ikkje avgrensa til) saker som omhandlar budsjett, plan, samferdsel, helse og omsorg, og kultur og friluftsliv.

Eldrerådet - samansetjing

Eldrerådet har 9 medlemmer der 6 er frå organisasjonar som representerer eldre, medan 3 er politiske representantar.

Har du innspel til eldrerådet?

Eldrerådet skal representere alle eldre i kommunen og ønskjer å bidra til at det er stor openheit om, og lett tilgang til eldrerådet sine møte.

Organisasjonar og innbyggjarar som har innspel, tips eller ynskje om saker til eldrerådet, kan anten sjølv møta opp i eldrerådet for å legga fram sine innspel, eller senda desse skriftleg til kommunen. Det er fint å få innspel i forkant, slik at rådet kan vera førebudd.

Politisk sekretariat kan kontaktast for dei som har innspel til møta på e-post eller telefon:

Reglement for eldrerådet

Rettleiar

Rettleiar for eldreråd (Regjeringen.no)

Brosjyre

Her kan du lesa/skrive ut brosjyre for Eldrerådet (PDF, 2 MB)

Sjå alle kommande møte

Tidlegare møte og saker

I møteplanen finn du oversikt over tidlegare møte. Under «møtetidspunkt» kan du velja periode.

Representantar i eldrerådet

Eldrerådet - Klikk for stort bileteEldrerådet 2023 - 2027