Ungdomsrådet

Ungdomsrådet er eit av tre lovpålagte kommunale medverknadsorgan, og skal vere ungdommane i kommunen sitt talerøyr ovanfor politikarane. Ettersom ungdom under 18 år ikkje har stemmerett eller sjølve kan stille til val, har ungdom avgrensa mogleik til medverknad i politiske avgjersler. Formålet er med ungdomsrådet er altså å sikre at synspunkt frå ungdom vert ivareteke i kommunale politiske prosessar.

Rådet har ikkje vedtaksmynde, men er eit rådgjevande organ for kommunen i alle saker som vedkjem ungdom. Det vil seie at rådet har rett til å uttale seg, både på eige initiativ og i saker dei får tildelt, og desse uttalane skal følgje saksdokumenta til det kommunale organet som fattar vedtak i dei einskilde sakene.

Saker som vedkjem ungdom famnar bredt, og kan til dømes vere (men er ikkje avgrensa til) saker som omhandlar budsjett, plan, samferdsel, helse, miljø, og kultur og idrett.

Ungdomsrådet har 11 medlemmer i tillegg til politisk kontakt.

Møter og sakskart 

Her finn du oversikt over møte i Ungdomsrådet, sakspapir, leiar og representantar med kontaktinformasjon

Rettleiar

Meir informasjon om rådet sine oppgåver, rettar og overordna ramme, finn du i Veileder for ungdomsråd.

Reglement