Ungdomsrådet

Ungdomsrådet er eit av tre lovpålagte kommunale medverknadsorgan, og skal vere ungdommane i kommunen sitt talerøyr ovanfor politikarane. Ettersom ungdom under 18 år ikkje har stemmerett eller sjølve kan stille til val, har ungdom avgrensa mogleik til medverknad i politiske avgjersler. Formålet er med ungdomsrådet er altså å sikre at synspunkt frå ungdom vert ivareteke i kommunale politiske prosessar.

Ungdomsrådet sitt ansvarsområde

Rådet har slik møte- og talerett i politiske organ i kommunen: Leiar eller nestleiar for rådet kan få ordet, for å presentere fleirtalsvedtak frå organet, når det skal gjerast endeleg vedtak eller innstillast i saker som rådet har uttalt seg om. Møteleiar avgrensar tida.

Saker som vedkjem ungdom famnar bredt, og kan til dømes vere (men er ikkje avgrensa til) saker som omhandlar budsjett, plan, samferdsel, helse, miljø, og kultur og idrett.

Ungdomsrådet - samansetjing

Ungdomsrådet har 11 medlemmer i tillegg til politisk kontakt. Ungdomsrådet er valde for perioden 2023-2025.

Møte og sakskart 

Her finn du oversikt over møte i Ungdomsrådet med sakspapir.

Medlemmer

Her finn du oversikt over leiar og representantar i ungdomsrådet med kontaktinformasjon.

Rettleiar

Meir informasjon om rådet sine oppgåver, rettar og overordna ramme, finn du i Veileder for ungdomsråd.

Reglement

Ungdomsrådet - Klikk for stort bilete