Råd for personar med funksjonsnedsetjing

Råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF) er eit av tre lovpålagte kommunale medverknadsorgan. Formålet er å sikre at synspunkta og behova til personar med funksjonsnedsetjing vert synleggjort og ivareteke i kommunale avgjersler.

Rådet sitt ansvarsområde

Rådet har slik møte- og talerett i politiske organ i kommunen: Leiar eller nestleiar for rådet kan få ordet, for å presentere fleirtalsvedtak frå organet, når det skal gjerast endeleg vedtak eller innstillast i saker som rådet har uttalt seg om. Møteleiar avgrensar tida.

Særskild aktuelle saker for råd for personar med funksjonsnedsetjing er saker relatert til likestilling, likeverdig tilgang til kommunale tenester, og universell utforforming. Slike saker kan til dømes vere innan (men er ikkje avgrensa til) saker som omhandlar plan, barnehage, skule og utdanning, helse og omsorg, transport, og kultur og fritid.

Samansetjing

Råd for personar med funksjonsnedsetjing har 9 medlemmer der 6 er frå organisasjonar som representerer personar med funksjonsnedsetjing, medan 3 er politiske representantar.

Møteplan og sakspapir

Her finn du oversikt over møte i råd for personar med funksjonsnedsetjing med sakspapir. 

Medlemmer

Her finn du oversikt over representantar i rådet med kontaktinformasjon.

Reglement

Rettleiar

Rettleiar for råd for personar for nedsett funksjonsnedsetjing (Bufdir)

Råd for personar med funksjonsnedsetjing - Klikk for stort bileteRåd for personar med funksjonsnedsetjing