Formannskapet er klageutval

Kommunen sitt særskilte klageutval skal behandle klager på enkeltvedtak fatta av kommuneadministrasjonen, jf. forvaltningslova § 28, når ikkje anna klageinstans er særskilt fastsett i lov.
Frå 19.06.2025 overtok formannskapet ansvaret for desse klagesakene, og klageutvalet vart avvikla frå same dato.

Klage på enkeltvedtak

Frå 19. juni 2025 overtok formannskapet ansvaret som kommunen si klagenemnd. Det betyr at formannskapet behandlar klager på enkeltvedtak som er fatta av kommuneadministrasjonen, når ikkje anna klageinstans er bestemt i lov. Dette følgjer av forvaltningslova § 28.
Døme på slike klagesaker kan vere:

  • vedtak om helse- og omsorgstenester
  • barnehageopptak
  • HC‑parkeringsløyve
  • startlån
  • plass i kulturskulen
  • brannvernvedtak
  • kommunale gebyr og liknande forvaltningsvedtak

Som klageinstans vurderer formannskapet alle sider ved saka og kan leggje vekt på nye opplysningar som har kome til. Utvalet kan avvise klaga, oppheve det tidlegare vedtaket, endre det eller stadfeste det.
 

Mange av desse sakene inneheld opplysningar som ikkje er offentlege. Møta vert derfor lukka når formannskapet behandlar slike klager.

Tidlegare møte og saker

I møteplanen finn du oversikt over tidlegare møte. Under «møtetidspunkt» kan du velja periode.

Representantar i formannskapet

Ordførar Tom Georg Indrevik, H - Klikk for stort bilete
Varaordførar Anita Garlid Johannesen, FrP - Klikk for stort bilete
Andreas Kallekleiv, H - Klikk for stort bilete
Nils Kåre Skoge, H - Klikk for stort bilete
Silvia Haugland, H - Klikk for stort bilete
Espen Stølsnes Harkestad, Ap - Klikk for stort bilete
Marianne Sandahl Bjorøy, Ap - Klikk for stort bilete
Robert Lund, INP - Klikk for stort bilete
Ingvill Kvalsnes Blom, KRF - Klikk for stort bilete
Jan Utkilen, SL-TVØ - Klikk for stort bilete
Jonas Foldnes, SV - Klikk for stort bilete