Eldrerådet

Eldrerådet (ER) er eit av tre lovpålagte kommunale medverknadsorgan, og skal vege opp for at eldre ofte er underrepresenterte i folkevalde organ. Formålet er å sikre at synspunkt frå eldre vert ivareteke i kommunale avgjersler.

Rådet har ikkje vedtaksmynde, men er eit rådgjevande organ for kommunen i alle saker som vedkjem eldre. Det vil seie at rådet har rett til å uttale seg, både på eige initiativ og i saker dei får tildelt, og desse uttalane skal følgje saksdokumenta til det kommunale organet som fattar vedtak i dei einskilde sakene.

Saker som vedkjem eldre famnar bredt, og kan til dømes vere (men er ikkje avgrensa til) saker som omhandlar budsjett, plan, samferdsel, helse og omsorg, og kultur og friluftsliv.

Eldrerådet har 9 medlemmer.

Her finn du oversikt over møte i eldrerådet, sakspapir, leiar og representantar med kontaktinformasjon

Reglement

Rettleiar

Rettleiar for eldreråd (Regjeringen.no)

Eldrerådet - Klikk for stort bileteEldrerådet