Administrasjonsutvalet

Administrasjonsutvalet (ADMU) er eit partsamansett utval som er oppretta for behandling av saker som gjeld forholdet mellom dei tilsette og kommunen som arbeidsgjevar. Administrasjonsutvalet skal difor, på vegne av kommunestyret, følga opp kommunen si overordna rolle som arbeidsgjevar, og sikre heilskapleg arbeidsgjevar- og personalpolitikk, som HMS, kvalitetssystem og sjukefråvær innanfor heile den kommunale verksemda.

Det er 10 medlemmer i ADMU der 6 er politisk valde, medan 4 er frå arbeidstakarorganisasjonane.

Sjå alle kommande møte

Tidlegare møte og saker

I møteplanen finn du oversikt over tidlegare møte. Under «møtetidspunkt» kan du velja periode.

Representantar i administrasjonsutvalet