Korleis utforma forslag i ei politisk sak?

Skal du fremje ‘tilleggsforslag’ til ei sak eller stille spørsmål i møtet, skal dette alltid leggast inn i møteportalen i aktuell sak/møte. 
 

Hugs at eit forslag ikkje er fremja sjølv om det er skriven inn i møteportalen. Forslaget må også fremjast munnleg i møtet.

Generelt om tilleggsforslag

  • Overskrift skal vera endringsforslag, tilleggsforslag
  • Teksten skal kunne nyttast tilnærma ordrett:
    • Må vere tydeleg og ikkje skape rom for misforståingar 
      (administrasjonen kan vere behjelpeleg i saker som krev vedtak med korrekt juridisk formulering og krav til grunngjeving) 
    • Må ha heile setningar og ingen ordforkortingar
    • Ikkje bruk metaforar og liknande
    • Skal ikkje innehalde grunngjeving eller meiningsutveksling, det skal skje munnleg når forslaget vert lagt fram
    • Det skal gå fram av forslagsteksten at det er eit politisk utval som gjer vedtak, ikkje eit politisk parti eller ein enkeltperson. Til dømes: ‘kommunestyret vedtek.., Levekårsutvalet vedtek/tilrår…. (avhengig av kva saka gjeld).

Protokolltilførsel

Eventuell protokolltilførsel vert lagt inn som eit forslag med overskrifta «protokolltilførsel»

Særskilt om ‘tilleggsforslag - spørsmål’

  • Alle spørsmål må gjelde kommunale tilhøve
  • Alle spørsmål må vere av interesse for fleire enn den som spør
  • Alle spørsmål må vere korte og tydlege - skal ikkje innehalde lange innleiingar og meiningsutvekslingar (forklaring til spørsmål skjer munnleg)
    • Ei kort og sakleg innleiing er mogleg dersom det er nødvendig for å forstå spørsmålet
    • Ei kort innleiing må alltid munne ut i eit spørsmål

NB! Merk at tekst som ber preg av å vere meiningsutveksling eller er ei unødvendig lang innleiing til eit spørsmål, vil bli sletta frå spørsmålet.