Godtgjersle for folkevalde - korleis senda krav til kommunen?
Folkevalde skal sjølv senda inn krav om godtgjersle.
Korleis føra krav om godtgjersle
Innlogging i Visma
Pålogging - Skriv inn brukarnamn og passord. Du vil så få tilsendt kode for pålogging på sms.

Føra rekning
Vel «Meg selv» à «Reiseregning» à «start Expence»

- Vel Kjørebok dersom du skal registrera bilkjøring, møtegodtgjersle og andre utlegg.
- Tips: Lag ei «Kjørebok» for kvar månad der du fører alt for heile månaden
- Vel Reise dersom du skal registrera reise med overnatting, transport og utlegg.
- Fyll ut kjøring til og frå møter.

Under utlegg finn du mellom anna innlegging av møtegodtgjersle.

Når du har fylt inn alt hugs å trykkja «Send til godkjenning». Rekninga er då levert.

På nettsida til Lovdata.no finn du forskrift om folkevalde sine rettar til godtgjersle og velferdsgode
Møtegodtgjerdsle
Det er fast godtgjersle for medlemer i formannskap, hovudutvala og leiar i kontrollutval. Det vert ikkje betalt møtegodtgjersle i tillegg til fast godtgjersle i desse utvala.
Møtegodtgjerdsle pr møte
Det vert gjeve møtegodtgjersle for inntil 2 møter pr. dag.
- Møtande medlemer og varamedlemer til KS
- Møtande varamedlemer i FS
- Møtande varamedlemmer i hovudutvala
- Møtande medlemmer/varamedlemmer i kontrollutvalet
- Møtande leiar eller fung. møteleiar i utval under gruppe B
- Eldrerådet
- Rådet for menneske med funksjonsnedsetjing
- Ungdommens kommunestyre
- Folkevalde i administrasjonsutvalet
- Sakkunnig eigedomsskattenemnd
- Sakkunnig klagenemnd for eigedomsskatt
- Valnemnda
- Kommunale representantar i samarbeidsutval ved skular
- Arbeidsutval og utgreiingsnemnder (der medlemer i utvalet ikkje har fast godtgjersle)
Kurs og konferansar
Møtegodtgjersle for møter i kommunal regi (informasjonsmøter, opplæring, konferansar, temamøter m. m.). Utbetalast ei møtegodtgjersle (for si gruppe) pr møte/kurs/samling. Det er ikkje godtgjersle om opplæringa er i samband med eit ordinært utvalsmøte. Medlemmer i utvala med fast godtgjersle får ikkje møtegodtgjersle for kurs.
Tapt arbeidsforteneste
- Send inn dokumentasjon frå arbeidsgjevar til sekretariatet om omfanget av trekket
- Arbeidsgjevar kan senda faktura til kommunen
- Denne vert dekka med inntil 4000,- kr (+sosiale utgifter) pr. dag rekna etter 7.5 t/dag
Utgiftsdekning
- Reisegodtgjersle - Skyss-, kost- og overnattingsgodtgjersle vert godtgjort
- Andre legitimerte utgifter - Legitimerte utgifter til ”sted fortredar”, barnepass og til stell av sjuke og eldre, vert godtgjort etter rekning avgrensa oppover til kr.750,- pr. møte
- Kravet skal dokumenterast og attesterast av sted fortredar, barnepassar eller annan tilsynsperson
- Om du har parkeringsbilletter og andre utlegg kan du lasta ned appen Visma Attach på din smarttelefon eller lasta inn vedlegg frå Pc’en
Utbetaling
Kommunen har lønsutbetaling den 12. i kvar månad. Rekninga må sendast innan 1. i kvar månad for å vera sikker på at den kjem til utbetaling påfølgande utbetaling.
Sist endra 15.12.2021 08.05