Etiske retningslinjer for tilsette og politikarar

Retningslinjene byggjer på allmenne etiske verdiar og normer som krev rettferd, lojalitet, at ein er ærleg, påliteleg og sannferdig, og at ein skal oppføre seg mot andre slik ein ønskjer at andre skal oppføre seg mot ein sjølv.

Vedteke i kommunestyre 21.11.2019

1. Innleiing

Målet med Øygarden kommune sine etiske retningslinjer er å sikre ein etisk standard som gjer at innbyggjarane har tillit til kommunen som tenesteytar, som forvaltningsmynde og som arbeidsgjevar. Øygarden kommune legg vekt på at dei som representerer kommunen er ryddige, ærlege og opne i si framferd. Både folkevalde og tilsette skal følgje dette prinsippet.

Retningslinjene byggjer på allmenne etiske verdiar og normer som krev rettferd, lojalitet, at ein er ærleg, påliteleg og sannferdig, og at ein skal oppføre seg mot andre slik ein ønskjer at andre skal oppføre seg mot ein sjølv.
Kommunen sitt samfunnsansvar er å forvalte fellesskapet sine ressursar på ein måte som samsvarer med lover og reglar. Måten dette samfunnsansvaret vert teke vare på er viktig for kommunen sitt omdømme. Det vert difor stilt høge krav til etiske haldningar hos dei som handlar på vegner av kommunen.

Dei etiske retningslinjene vert gått gjennom for dei folkevalde i starten av kvar ny kommunestyreperiode. Alle tilsette i kommunen skal kjenne til retningslinjene. I opplæringsprogram for tilsette og folkevalde, skal etikk og møtekultur vere viktige tema. Leiarane på alle nivå har eit særleg ansvar for å gå gjennom dei etiske retningslinjene med dei tilsette i eininga minst èin gong i året, også ved nye tilsetjingar. Leiar må syte for at tilsette underteiknar på at retningslinjene er lest og forstått.

2. Innbyggjarane

I si verksemd som tenesteytar og forvaltningsmynde pliktar dei som representerer kommunen å ta omsyn til innbyggjarane sine interesser, sikre lik behandling og vise respekt for kvart individ.
I si framferd skal ein vere tilgjengeleg, open, raus, kompetent og løysingsfokusert.
Fortrulege opplysningar som kjem fram i samband med oppfølging av innbyggjarane sine saker skal respekterast, og må ikkje komme uvedkommande i hende. Folkevalde og tilsette må heller ikkje nytte slik informasjon til personleg vinning.

3. Omdømme

Den einskilde folkevald og den einskilde tilsett pliktar å utføre sine oppgåver og opptre på ein etisk forsvarleg måte, slik at kommunen sitt omdømme ikkje vert skadd.

Folkevalde og tilsette skal arbeide for at tenester og varer kommunen nyttar vert produsert på ein etisk forsvarleg måte.

4. Openheit

Alle har eit felles ansvar for å skape eit godt arbeidsmiljø, og utvikle ein kultur prega av openheit, integritet, likeverd og respekt.

Det skal vere openheit og innsyn i forvaltninga, slik at alle kan gjere seg kjend med kommunen si verksemd. Tilsette skal gje korrekt og tilstrekkeleg informasjon til andre styresmakter, selskap, organisasjonar og innbyggjarar. Øygarden kommune skal praktisere meiroffentlegheit og meirinnsyn.

Ein viser i denne samanheng til kommunen sitt medlemskap i Transparency International Norge.

5. Lojalitet og ytringsfridom

Folkevalde og tilsette i Øygarden kommune har plikt til å følgje dei lover og reglar som gjeld for kommunen.

Det er viktig at kommunalt tilsette engasjerer seg i ein open, fri og allsidig diskusjon om samfunnsspørsmål.

Når vedtak er fatta og ei avgjerd er endeleg, skal den følgjast opp utan unødig opphald innanfor dei rammer som gjeld, upåverka av eventuelle faglege eller politiske motførestellingar, så lenge iverksetjinga ikkje er i strid med lov- og avtaleverk, sentrale retningslinjer eller er etisk uforsvarleg.

Tilsette har som alle ein grunnleggjande rett til å delta i den offentlege debatten. Folkevalde og tilsette skal opptre konstruktivt og med verdigheit når dei tek del i samfunnsdebatten, uavhengig av kva møteplassar, fora eller media dette skjer i. Den einskilde skal tenkje gjennom dilemma som kan oppstå i høve til lojalitetsplikta. Særleg gjeld dette leiarane der kommunen forventar særleg varsemd i høve til lojalitetsplikta.

Arbeidsgjevar skal sjå til at arbeidstakar sine interesser vert sikra så langt råd er. Lovreglar om teieplikt skal etterlevast. Den enkelte har ansvar for at ytringar ikkje kjem i konflikt med lojalitets- og teieplikta.

6. Gildskap

Alle som legg til rette for, og fattar vedtak i kommunen, er bundne av forvaltningslova sine reglar om gildskap.

Tilsette har sjølvstendig plikt til å varsle sine overordna om gildskap slik at dei kan fritakast for vidare medverknad med saka. Ved tvil om gildskap skal den tilsette ta dette opp med næraste leiar.

For folkevalde skal spørsmål om gildskap takast opp med det politiske organet den folkevalde er representant i. I praksis må den folkevalde sjølv ha ansvar for å ta opp spørsmålet om eigen gildskap. Ved val til politiske utval skal valnemnda vurdere om medlemmene kan komme i lojalitets- og interessekonfliktar.

Ein bør som hovudregel søkje å unngå at personar i nær familie kjem i underordna/overordna forhold til kvarandre ved tilsetjingar for å unngå ugildskap og eventuelle andre forfordelingar.

7. Forretningsdrift

Kommunen si forretningsverksemd skal drivast slik at innbyggjarar, brukarar og leverandørar har tillit til måten fellesskapet sine midlar vert brukt.

Folkevalde og tilsette må ha kunnskap om, og følgje dei lover og reglar som gjeld for offentlege innkjøp. Alle innkjøp må basere seg på å vere føreseielege, gjennomsiktige, kunne etterprøvast, samt vere basert på likebehandling og god forretningsskikk.

Tilsette og folkevalde skal vere bevisste på at dei forvaltar samfunnet sine fellesmidlar på vegner av alle innbyggjarar i kommunen.

I samsvar med kommunen sitt medlemskap i Transparency International Norge, vert det praktisert null-toleranse for alle former for korrupsjon i verksemda.

8. Gåver og andre fordelar

Folkevalde og tilsette i kommunen skal unngå personlege fordelar som kan påverke, eller vere eigna til å påverke handlingar, saksførebuing eller vedtak. Dette gjeld likevel ikkje gåver av ubetydeleg verdi, slik som blomar, reklamemateriell eller liknande.

Tilsette sine utgifter ved tenestereiser skal betalast av kommunen eller annan offentleg mynde.

Folkevalde som er med på reiser for å representere kommunen, skal få dekka sine utgifter knytt til reisa av kommunen.

Representasjon og gjestfridom er ein naturleg del av det å samarbeide med andre. Representasjon må likevel ikkje vere av eit slikt omfang at det kan gje grunn til å tru at avgjerdsprosessar i kommunen kan bli påverka.

9. Uønskt åtferd/rett til å varsle

Øygarden kommune føreset og krev, at folkevalde og tilsette viser respekt for kvart einskild menneske, uavhengig av personlegdom, kjønn, seksuell legning, alder, religion, livssyn, etnisitet, politisk overtyding og andre grunnleggande føresetnader. I Øygarden kommune er det nulltoleranse for seksuell trakassering, og det vert ikkje tolerert at tilsette eller folkevalde vert utsett for, eller utøver, slikt maktmisbruk.

Ingen skal diskriminere, mobbe, trakassere eller gjere forskjell på personar, kundar eller innbyggjarar.

Kommunen pliktar å legge forholda til rette for varsling. Øygarden kommune skal ha eit eige varslingssekretariat.

Melding om uønskt åtferd/uheldige tilhøve i slik samanheng, skal skje i samsvar med kommunen sine varslingsrutinar. I særlege tilfelle bør det varslast med tilvising til Arbeidsmiljølova kapittel 2A, §§ 2 A1 – A4. Leiarar har eit særleg ansvar for at medarbeidarar som avdekker og varslar om uheldige tilhøve, vert følgde opp i samsvar med kommunen sine reglar og rutinar.

Folkevalde som vert kjende med brot på dei etiske retningslinjene, skal varsle ordføraren.

Sosiale medium: Kommunen sine kontoar på sosiale medium skal nyttast til å fremje kommunen sitt offisielle syn, og skal ikkje nyttast til å fremje personlege oppfatningar. Folkevalde og tilsette skal vere medvitne si rolle i kommunen ved privat deltaking i sosiale medium.

10. Registrering av styreverv og økonomiske interesser

Øygarden kommune er tilknytt Styrevervregistret, og opplysningar om folkevalde og tilsette sine verv og stillingar er registrert der. Opplysningane er henta frå Enhetsregistret, Foretaksregistret (Brønnøysund) og Kommuneregistret.

Folkevalde, og likeins tilsette som er leiarar eller har innstillings- og/eller avgjerdsrett, skal registrere andre verv og interesser for å sikre openheit og transparens om økonomiske tilhøve, for slik å byggje tillit rundt dei prosessane ein deltek i.

Her kan du søke i Styrevervregisteret.

11. Oppfølging

Kvar einskild folkevald og tilsett i kommunen, har ansvar for å følgje dei etiske retningslinjene. Det er eit leiaransvar at brot på retningslinjene vert påtala og at mogeleg reaksjon vert vurdert. Brot på retningslinjene kan få konsekvensar for den enkelte sitt arbeidsforhold.

12. Bruk av kommunen sine eigendelar

Kommunen sine ressursar og eigendelar skal takast vare på og brukast på den mest økonomiske og rasjonelle måten. Privat bruk av kommunen sine eigendelar skal som hovudregel ikkje skje.