Bli varsla

Øygarden kommune har teke i bruk varslingssystemet Varsling24 for å varsle innbyggarar i eit geografisk område om hendingar via SMS. Varsling24 varslar via SMS, e-post, og talemelding til fasttelefon.

Når blir systemet brukt?

Øygarden kommune informerer innbyggjarane digitalt ved hendingar når det er naudsynt. Det kan vera ved stengte vegar, evakuering eller andre forhold som krev rask informasjon.

Korleis finn vi deg?

Det blir brukt tre ulike registre for å nå ut med informasjon til deg:

1) Privatpersonar:
Kontaktinformasjon vert henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringsdirektoratet. Vi rår deg til å leggja inn ditt mobiltelefonnummer og din epostadresse i dette felles nasjonale kontaktregisteret. Dei fleste henvendingar frå det offentlege vil hente kontaktinformasjonen herfra. Oppdater informasjon finn du i kontakt - og reservasjonsregisteret

2) Bedrifter:
Ved varsling av bedrifter blir bedriften som høyrer til adressa varsla med bakgrunn i oppføring i Einingsregisteret. Kontaktdata for bedrifter vert henta frå Digitaliseringsdirektoratet/(Altinn). Bedrifter med fleire adresser bør registrere desse som undereiningar i Brønnøysundregisteret.

3) Tilleggsregister:
Tilleggsregister kan du nytte dersom du ønsker å motta varslar for ein bedrift eller for ein adresse som du ikkje er registrert med bustadsadresse på. Sjå varslemeg for meir informasjon.

Har du ikkje blitt varsla?

  1. Er du folkeregistrert på din adresse? 
  2. Har du oppdatert din elektroniske kontaktinformasjon?

Kva kan du gjera?

  • Folkeregisteret
    Oppdater dine opplysningar og meld alltid flytting til Folkeregisteret.
  • Tilleggsregisteret
    Bur du på ein anna stad enn der du er folkeregistrert kan du registrere ditt telefonnummer på din adresse i vårt Tilleggsregister. Hugs å endre hvis du flytter. Tilleggsregisteret er konfidensielt og benyttes kun av din kommune.
  • Registrer ditt telefonnummer i kommunens tilleggsregister her
    Velg Tilleggsoppføring – Legg til ditt telefonnummer (velg Privat)

Sårbare verksemder

Vårt Tilleggsregister knyttar kontaktpersoner til verksemder med telefonnummer.
Kontaktpersonen vil motta varsel på SMS dersom SMS vert sendt frå kommunen.

Ofte stilte spørsmål