Kva rettar har du?

Som registrert i registera til  Øygarden kommune, har du rettar som følgjer av personopplysningslova og av anna lovgjeving. Kommunen har plikt til å leggja til rette for at du får oppfylt rettane dine på ein enkel måte.

Er det frivillig å gje frå seg opplysingane?

I enkelte tilfelle er du lovpålagt og gje kommunen relevante personopplysingar. I samband med skatteinnkrevinga til kommunen, er du til dømes lovpålagt og gje kommunen opplysingar om inntekt og formue. I andre tilfelle er det frivillig å gje personopplysingar til kommunen.

Innsyn

Dersom du lurer på kvifor kommunen behandlar personopplysingar, eller kva opplysingar som er lagra om deg, kan du nytta deg av din innsynsrett. Sjå meir under Innsyn i eigne personopplysingar.

Retting av feil

Dersom du skulle oppdaga at Øygarden kommune har registrert urette, utdaterte eller ufullstendige opplysningar om deg, har du krav på å få retta dei.

I tilfelle der opplysningane er henta frå andre offentlege aktørar, må du venda deg til desse for å få opplysningane retta. Til dømes må du kontakta Skatteetaten om du meiner at den folkeregistrerte adressa di er feil.

Meir informasjon om rettane dine finn du på nettsida til Datatilsynet.

Kva skal eg gjera om eg mistenkjer misbruk av Mi side hjå kommunen?

Hvis du har mistanke om misbruk av din elektroniske ID, må du sperra den elektroniske ID-en som du mistenkjer er misbrukt.

Merk at sperring av ein elektronisk ID kan avgrensa tilgang til elektroniske tenester frå bank, stat og/eller kommune. Det vil heller ikkje vera mogleg å representera verksemder i dei elektroniske tenestene.

Ønskjer du å reaktivera ein elektronisk ID må du ta kontakt med leverandøran(e).

Kan du reservera deg mot elektronisk kommunikasjon frå kommunen?

Øygarden kommune nyttar Kontakt- og reservasjonsregisteret i samband med kommunikasjon med innbyggjarane sine. Dersom du melder reservasjon i registeret, vil du ikkje motta elektroniske brev, e-post eller brev frå offentlege verksemder. Du vil i staden normalt motta brev frå kommunen.

Vi gjer merksam på at offentlege verksemder kan senda SMS, e-post eller digitale brev med påminning av avtaler og servicemelding om til dømes stenging av vatn, sjølv om du har reservert deg i registeret.

Oppdater kontaktinformasjonen din i Kontakt- og reservasjonsregisteret.