Informasjonskapslar, analyse og søk
Øygarden kommune nyttar informasjonskapslar på nettsidene sine. Føremålet er å betra innhaldet og tenestene vi leverer til besøkjande på nettstadene, slik at dei vert meir brukarvennlege.
Informasjonskapslar
Informasjonskapslar er små tekstfiler, “cookies”, som vert lagra på eininga di når du lastar ned ei nettside eller utfører ei handling på nettsida. Innhaldet i informasjonskapslane vil då utvekslast mellom nettlesaren din, nettstaden og ulike tenester. Informasjonskapslane syter for at nettstaden og ulike tenester fungerer best mogleg, og kan ikkje brukast for å identifisera deg som person.
Under ser du ei liste over alle informasjonskapslane som er brukte på denne nettsida.
Tilbakemeldingsfunksjon
Nokre få brukarar vil uoppfordra leggja igjen personopplysninger via tilbakemeldingsfunksjonen vår Fann du det du leitte etter? Vi arbeider for å avgrensa omfanget gjennom informasjon til brukarane våre.
Nettstadssøk
Vi lagrar informasjon om søkjeord og val som vert nytta i nettstadsøket (intern søkefunksjon). Vi brukar informasjonen til å betra innhald og navigasjon for brukarar av nettsidene. Bruksmønster og statistikk frå søk kan ikkje koplast til andre opplysningar om brukarane, som til dømes IP-adresse.
Publisert 30.12.2019 15.00
Sist endra 20.05.2026 14.41