Yngvild Wiese skal leia kultur, innbyggartorg og bibliotek

Yngvild Wiese, er konstituert i stillinga som kultursjef. Kultursjefstillinga skal ha ansvaret for både innbyggartorg/bibliotek og kultur.

Yngvild Wiese - Klikk for stort bilete

Kommunedirektør Johnny Breivik har gjort konstitueringa i samråd med kommunalsjef for Kultur og samfunn og kommunalsjef for Organisasjon og samfunnssikkerheit. 

- Ved dette grepet kan vi vidareutvikla det allereie gode samarbeidet mellom service og kultur. Saman med medarbeidarane sine har Yngvild Wiese skapt eit godt og breitt tilbod på innbyggartorget og biblioteket, seier kommunedirektøren.

Yngvild tok til som leiar av innbyggartorget og biblioteket i oktober 2022. Tidlegare har ho mellom anna vore biblioteksjef i Ullensvang kommune. Som konstituert kultursjef skal ho syta for at ein får ein grundig utviklingsprosess for kulturavdelinga i kommunen. 

- Målet er at vi skal klara å finna ei god løysing på korleis kultur skal organiserast i løpet av dei fire månadene eg skal vera ved roret. Vi har mykje spennande å ta tak i, og saman med dei tilsette skal eg prøva å få laga prioriterte satsingsfelt for drifta, seier Yngvild Wiese.

Det vert omdisponert internt og sett inn ekstra vikarar for å oppretthalda teneste- og arrangementstilbodet på innbyggartorg og bibliotek.


Tekst og foto: Vigleik Brekke