XL Bygg Sotra Bruk er blitt Miljøfyrtårn

Torsdag føremiddag overrekte ordførar Tom Georg Indrevik miljøfyrtårnsertifikat til XL Bygg Sotra Bruk.
- Vi opplever at dette er ein-vinn- vinn-situasjon for oss, seier dagleg leiar Eivind Forthun.

Ordførar Tom Georg Indrevik overrekte det synlege beviset på miljøfyrtårnsertifiseringa til dagleg leiar Eivind Forthun - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik overrekte det synlege beviset på miljøfyrtårnsertifiseringa til dagleg leiar Eivind Forthun.

Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga. Etter at bedriftene har dokumentert at dei kan få status som Miljøfyrtårn, er det klart for utdeling.

XL Bygg Sotra Bruk har sju tilsette og held til i Tellnes Næringspark med administrasjon, lager og byggevareforretning. Sotra Bruk var lokalisert i Svingen på Brattholmen i mange år, og vart kjøpt opp av Telle Gruppen i 1981. Våren 2020 vart alt samla i Tellnes Næringspark.

- Vi har ein årleg omsetnad på 35 millionar kroner. Privatmarknaden og den profesjonelle delen av marknaden er om lag like stor, seier Eivind Forthun.

Ei rekkje tiltak må dokumenterast for at ei bedrift skal bli miljøfyrtårnsertifisert. Mange offentlege anbod krev at bedrifter har godkjent dokumentasjon på berekraftsarbeidet for å bli vurdert som leverandør.

- På mange måtar gjer vi det vi har gjort, men nå skjer det på ein meir systematisk måte, seier den daglege leiaren.

Gode mearbeidarar samla. Frå venstre; Thorbjørn Roll, Ole Tveit Hansen, Eivind Ulvenes, Stian Stenehjem, Nils Ove Skoge og Eivind Forthun. - Klikk for stort bileteGode mearbeidarar samla. Frå venstre; Thorbjørn Roll, Ole Tveit Hansen, Eivind Ulvenes, Stian Stenehjem, Nils Ove Skoge og Eivind Forthun.

Også Torbjørn Roll, som er bedriftsutviklar for XL Bygg, region vest, var på plass torsdag. XL Bygg er ein del av Mestergruppen (morselskap).

- Vi satsar sterkt på å miljøsertifisera bedriftene. Vi må setja klare målsetjingar for dette. Resultatet vert betre drift, seier han.

Ordførar Tom Georg Indrevik seier at summen av alle dei som miljøsertifiserer bedrifta vert ein større bevisstheit til dette i Øygarden.

- Det er viktig å ta dette ansvaret, også med tanke på dei komande generasjonane, seier han.


Tekst og foto: Vigleik Brekke