Nestleiar i kommuneplanutvalet Beate Bjelland (H) og leiar Svein Otto Jacobsen (Frp). I forgrunnen; Anita Skjold Hellesø (Ap).Mange innspel
Då fristen var gått ut for å koma med innspel til arealdelen til kommuneplanen, var det registrert 1 741 innspel. Samfunnsplanleggjar Kristina Espeseth sa at dette var meir enn forventa.
Ved å gå inn på kartet på nettsida kan ein mellom anna sjå korleis innspela er sorterte på tema. Dei fleste innspela handlar om bustad. Mange av innspela handlar også om temaet naust/flytebryggje/kai.
Kva skjer vidare?
Fram mot 1. september arbeider administrasjonen med å laga den nye arealdelen. Ein del av dette inneber også å vurdera arealinnspela. Først vert arealinnspela sjekka om dei er i samsvar med strategiane som kommunestyret har vedteke gjennom planprogrammet.
Dersom arealinnspela ikkje er i samsvar med strategiane, vert dei ikkje tekne med vidare. Ved å bruka strategiar til å vurdera arealinnspela, vert alle innspela behandla på eit objektivt grunnlag. Dette sikrar innbyggjarane lik behandling.
Neste steg er å vurdera effekten ny arealbruk vil føra med seg for miljø og samfunn, altså gjennomføra ei konsekvensutgreiing. Det skal også gjennomførast ein risiko- og sårbarheitsanalyse av arealbruken ein vel å ta med vidare.
I tillegg til å vurdera arealinnspel skal all arealbruk i gjeldande arealplanar sjekkast opp i mot dei same strategiane. Her tek ein med seg bidrag til den samfunnsutviklinga kommunen ønskjer.
- Planvask er det viktigaste arbeidet vi gjer i arbeidet med arealdelen, sa kommuneplanleggjar Lisbeth Selstø på møtet.
Les meir om arealdelen til kommuneplanen her.