Viste fram to nye brannbilar

- Vi eg glade for at vi har fått på plass desse bilane allereie eit halvt år etter vedtaket i kommunestyret. Det sa brannsjef Bjørn Olav Paulsen då han saman med kollegaene viste fram to nye brannbilar på brannstasjonen på Ågotnes.

Den nye mannskapsbilen. - Klikk for stort bileteDen nye mannskapsbilen.

I august vart ein tankbil frakta til Ukraina som gåve, medan ein brukt mannskapsbil nyleg er selt til Osterøy. 

På måndag stod to blankpussa brannbilar vakkert på plass i garasjen på Ågotnes. Den eine bilen er ein topp moderne mannskapsbil (Volvo) som har større vasstank enn vanlege mannskapsbilar. Denne bilen har kosta om lag fem millionar kroner eksklusive meirverdiavgift. Bilen har også ein kapasitet/lager på 100 liter skum. 

I tillegg kunne brannsjefen visa fram ny elektrisk innsatsleiarbil, Volkswagen ID4, som har kosta om lag eín million kroner inklusive branntilpassa utstyr. Bilen har mellom anna ekstra straumopplegg/batteri. 

- Vi vil gjerne gje ein takk til kommunestyret. Dette er ei god investering der vil har fått mykje for pengane. Det er litt stas at vi har fått på plass dette eit halvt år etter vedtaket, sa Paulsen til gjestene som var inviterte til markeringa på måndag.

Kommunedirektør Johnny Breivik, brannsjef Bjørn Olav Paulsen og ordførar Tom Georg Indrevik framfor den nye mannskapsbilen. - Klikk for stort bileteFrå venstre; kommunedirektør Johnny Breivik, brannsjef Bjørn Olav Paulsen og ordførar Tom Georg Indrevik.

Ordførar Tom Georg Indrevik sa at det har vore store investeringar innan brannvern det siste året med investeringar i både bilpark og nytt servicebygg/brannstasjon i Skogskiftet. Han viste også til donasjonen av brannbil til Ukraina.

- Det er viktig framover å bruka dykkar kompetanse endå meir. Mange har registrert at Øygarden brann og redning har gjeve brannbil til Ukraina. Det er flott at dei nye brannbilane kom på plass så raskt. Gratulerer til alle! sa ordføraren.

Den nye innsatsleiarbilen.

Den nye mannskapsbilen har plass til totalt seks personar. Det er ein høgtrykkspylar som kan slå seg gjennom jernplater/dører/vegger. Dette kan redusera behovet for å senda inn røykdykkarar. I fronten er det montert vinsj og vasskanon. 

Her er fleire bilete:

Frå venstre; Leif Ole Reithaug, kommunalsjef for Organisasjon og samfunnssikkerheit, Anne-Merete Vabø Haugane, Ove Geir Stusdal og Jan Gaute Haug. - Klikk for stort bilete
Jarl Martin Hestad seier at den nye mannskapsbilen har ein heilt anna komfort enn den forrige bilen. - Klikk for stort bilete
Cockpiten er utstyrt med gode kommunikasjonsplattformer. - Klikk for stort bilete
Ustyr på brannbilen - Klikk for stort bilete
Utstyr på brannbilen - Klikk for stort bilete
Brannbil - Klikk for stort bilete
Brannbil - Klikk for stort bilete
Brannbil - Klikk for stort bilete
Bjørn Olav Paulsen og Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete