Kommunedirektør Johnny Breivik presenterer sak for formannskapet om strategi for omstilling.Formannskapet behandlar saka den 11. mars.
Denne saka skal vera eit grunnlag for arbeidet med budsjettet for 2026. I saka viser kommunedirektøren til at 2024 gjekk med eit negativt netto driftsresultat på 37,5 millionar kroner. Rekneskapsrapporten for januar viser at den negative trenden held fram. Dersom ikkje den økonomiske utviklinga snur, er disposisjonsfondet tappa i løpet av eitt eller to år.
Kommunedirektøren er tydeleg på at den økonomiske situasjonen for Øygarden kommune ikkje er berekraftig.
- Langsiktige tiltak er nødvendig for å skapa ein meir berekraftig økonomi. Arbeidet med omstilling må difor intensiverast med full styrke, der målet er å sikra gode tenester for dagens og framtidas innbyggjarar i Øygarden, skriv han i saka.
40-50 millionar kroner
Dersom Øygarden kommune innfører eigedomsskatt på næring, kan det gje ei årleg ekstrainntekt på 40-50 millionar kroner. Kommunedirektøren føreslår ikkje å vurdera eigedomsskatt på bustader og fritidsbustader no, men potensialet ligg her på mellom 55 og 65 millionar kroner pr. år.
I saka er det lista opp ei rekkje område med moglege innsparingspotensiale. Det er til dømes barnevern, NAV, ressurstildeling barnehage og skule, spesialpedagogikk, administrasjon, politisk og administrativ leiing/struktur, arealeffektivisering, konkurranseutsetting og rett prissetting.
Kommunestyret har allereie vedtatt at det skal vurderast konkurranseutsetting av ulike oppgåver innan eigedom, drift og vedlikehald og gjeldsforvaltning.
- Det kan også vurderast å konkurranseutsetja til dømes reinhald, matproduksjon på sjukeheimar eller heile sjukeheimsdrifta. Overgang til fleire private barnehagar kan også vurderast, går det fram av saksutgreiinga.
Møtet vert halde i kultursalen i Øygarden rådhus på Straume. Dei ordinære sakene tek til klokka 14.00.
Les innkalling med saksdokument her.
Tekst og foto: Vigleik Brekke