Vil starta arbeid ved Brattholmen skule

Formannskapet tilrår å starta opp eit arbeid på uteområdet ved Brattholmen skule under føresetnad av at rimelegaste tilbod vert godkjent. Prosjektet vil mellom anna fjerna overvatn på skuleplassen. Kostnadsramma for Øygarden kommune er 17,7 millionar kroner.

Brattholmen skule - Klikk for stort bileteFormannskapet tilrår overfor kommunestyret å starta opp arbeid ved Brattholmen skule

Prosjektet er eit samarbeid mellom Eigedom og samferdsle i Øygarden kommune, ØyVAR, Tellegruppen og Vestland fylkeskommune. Prosjektet omfattar overvatn, vatn og avlaup, veg og skuleplass. Det er sett av 10,65 millionar kroner til den kommunale delen av prosjektet. På bakgrunn av høg prisvekst, uvisse om grunnforhold og at omfanget av prosjektet ikkje var avklart ved oppstart, er det lagt inn ein meirkostnad etter anbodsrunde på sju millionar kroner.

På møtet i formannskapet tysdag slutta ein seg til forslaget frå kommunedirektøren om å auka ramma for prosjektet og at meirkostnaden på sju millionar kroner vert dekt av tilgjengelege midlar i tre andre investeringsbudsjett. Eksakt rebudsjettering kjem fram i revidert budsjett i juni.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Rekruttera og behalda helsepersonell

Formannskapet vedtok tiltaksplan for å rekruttera og behalda helsepersonell slik han ligg føre.

Saka omhandlar korleis Øygarden kommune skal møta framtidas behov for å rekruttera og behalda helsepersonell og korleis ein ser føre seg at ein politisk kan gjennomføra ulike tiltak. Det er utarbeidd ein detaljert plan for gjennomføring av målretta tiltak som møter framtidas behov. Tiltaksplanen viser omfang, tidsplan og i nokon grad økonomiske konsekvensar av tiltaka.

I vedtaket heiter det at finansiering av tiltak slik det vert skissert i saka innanfor ei ramme på 2,5 millionar kroner, vert vedteke og innarbeidd i revidert budsjett for 2023. Det vert oppretta ei kommunal vikarpool. Dei andre tiltaka vert finansiert innanfor eige budsjett for 2023 og gjennom ein opptrappingsplan med midlar budsjettert for 2024 og 2025. Det vert arbeidd vidare med ein langsiktig strategi om å satse på sjukepleieutdanning og utdanning av helsefagarbeidarar lokalt i samarbeid med andre utdanningsinstitusjonar.

Etter framlegg frå Arbeidarpartiet vart det vedteke tre nye punkt. Det er at ein i samsvar med lovar og reglar skal tilby aktuelle lærlingar 100 prosent fast stilling frå den dagen læretida er over og fagbrevet er motteke (pkt. 6). Vidare skal ein oppsøkja siste års studentar på høgskule etc. tidleg i skuleåret, og tilby disse fast stilling frå skoleslutt (pkt. 7) og vurdera andre yrkesgrupper som kan gjera ein jobb inn i helse- og omsorgssektoren (pkt. 8). Punkt 6 og 7 var vedteke mot eí røyst (KrF).

Samarbeidsavtale med Museum Vest

Formannskapet vedtok at kommunedirektøren får i oppdrag å inngår ein avtale med Museum vest om museal formidling utifrå Gjerdet kulturminnegard slik saka skisserer. Ny avtale med mellom Øygarden kommune og Museum vest skal innehalda ein intensjon om å kunne kopla inn igjen ansvar for museal formidling av Fjell festning, samt drift av kafeen når prosessen med stiftinga Fjell Festning er avklart.

Kvartalsrapport

Formannskapet tilrår overfor kommunestyret å ta kvartalsrapport for første kvartal 2023 til orientering. Ved utgangen av mars viser rapporten eit netto driftsresultat i underkant av ein halv million kroner betre enn budsjettert budsjett så langt i år. Kommunalsjefområda har eit samla meirforbruk på 32 millionar kroner.

Andre saker

Finansrapport

Formannskapet tilrår å ta finansrapport pr. 31. mars til orientering slik han ligg føre. Tre lån på til saman 446 millionar kroner vert tilrådd rullert/refinansiert. Saka går til kommunestyret for endeleg vedtak.

Drøfting i forkant av generalforsamling

Formannskapet drøfta årsmelding og rekneskap for ØyVAR AS i forkant av generalforsamling 12. mai. Kommunen vert representert ved ordførar på generalforsamlinga. Ordføraren tek med seg innspel i formannskapet til generalforsamlinga. Rekneskapen for 2022 viser eit rekneskapsresultat på 4,6 millionar kroner etter skatt.

 

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland