Vil ikkje utgreia meir om kjernekraft

Plan- og miljøutvalet (PMU) sluttar seg til innstillinga frå kommunedirektøren om at Øygarden kommune no ikkje går vidare med utgreiing knytt til kjernekraft i energiparken, men at kommunen følgjer utviklinga nasjonalt og internasjonalt. 

Josefine Gjertine Opdahl Hellesund (KrF) på talarstolen. - Klikk for stort bileteJosefine Gjertine Opdahl Hellesund (KrF) var mellom dei som var mest positive til å få utgreidd spørsmålet om kjernekraft.

Saka går vidare til kommunestyret.

I tilrådinga frå møtet på torsdag heiter det også at kjernekraft kan vera eit viktig supplement i energiforsyninga både lokal, regionalt og nasjonalt. Det må avklarast nærare kva for konsekvensar kjernekraft kan ha på nasjonalt nivå, både når det gjeld økonomisk lønsemd og risiko, og at det per i dag ikkje er aktuelt å testa ut konkrete prosjekt for kjernekraft i Øygarden.  

Michael Sangolt (H) føreslo eit tilleggspunkt om at «framtidig og vidare behandling av dette temaet må sjåast i samanheng med arbeidet med ny arealdel til kommuneplanen som ligg til kommuneplanutvalet».  Dette tillegget vart avvist med knapt fleirtal. 

Etter ein lengre og engasjert debatt vart det fremja fleire forslag til avrøysting. Fleire medlemer i PMU røysta primært for eigne forslag og sekundært for tilrådinga frå kommunedirektøren. 

KrF fremja eit forslag om at kjernekraft kan vera ei verdifull energisatsing for kommunen vår, og at ein ønskjer derfor ei utgreiing for å sjå på eventuelle moglegheiter. Forslaget fekk to røyster (KrF og eítt medlem frå Høgre) og fall. Her kan du lesa heile forslaget. (PDF, 64 kB)

Frp fremja eit forslag om at kjernekraft kan verta ein viktig supplement i einergiforsyninga både lokalt, regionalt og nasjonalt. Forslaget fekk eí røyst (Frp) og fall. Her er heile forslaget. (PDF, 65 kB)

SV fremja eit forslag om at kjernekraft er feil retning å gå for å auke grøn energiproduksjon. Kommunestyret meiner heller at straumkoplingane mellom kommunen og fastlandet må styrkast for å dra nytte av vasskraft og at straumkoplingane frå eventuelle havvindprosjekt går i land i kommunen. Forslaget fekk eí røyst (SV) og fall. Resten av SV-forslaget var identisk med punkt 2 og 3 i innstillinga frå kommunedirektøren.

Drøfting av kjernekraftsaka i ein pause. Frå venstre; Silje Ulveseth (Ap), Jonas Aleksander Foldnes (SV) og Rebekka Stormark Moldøen (Ap). - Klikk for stort bileteDrøfting av kjernekraftsaka i ein pause. Frå venstre; Silje Ulveseth (Ap), Jonas Aleksander Foldnes (SV) og Rebekka Stormark Moldøen (Ap).

Startar opp arbeid med planprogram for Straume

PMU vedtok samrøystes å starta opp arbeidet med strategisk planprogram for Straume med langsiktige strategiar for sentrum og arbeid med ein område plan for Stovevatnet. 

Det strategiske planprogrammet skal innehalda strategiar og prinsipp for arealbruk og tema som mobilitet, natur, klima, energi og gjennomføring i kommune- og regionsenteret Straume. Områdeplan for Stovevatnet skal syta for at kommunen har eit godt grunnlag for å starta bygginga av ny vidaregåande skule og rett disponering av offentleg eigedom på og rundt det nye byggjearealet som vert etablert på Stovevatnet. 

Forskrift om elsparkesyklar 

Plan- og miljøutvalet støttar framlegget om ei ramme på 325 elsparkesyklar i Øygarden. I tilrådinga til forskrift om utleige av små elektriske køyretøy på offentleg grunn er maksgrensa for syklar i dei ulike sonene fordelt slik:

  • Straume-området    200 syklar
  • Rong-området  35 syklar
  • Ågotnes-området 50 syklar
  • Skogsskiftet-området  40 syklar


Det er føreslått å gje løyve på inntil to tilbydarar i inntil tre år. Tal og plassering kan vurderast på nytt etter ein prøveperiode på tre månader.

SV, Ap og INP (Industri- og næringspartiet) fremja eit tillegg om at i «område med mykje trafikk skal det setjast opp dedikerte parkeringsområde med oppmerkte grenser». Dette tillegget i tilrådinga vart samrøystes vedteke.

Ap. fekk full tilslutnad til eit tillegg om at ein ønskjer evaluering av forskrifta etter eitt år.

Saka skulle etter planen behandlast i kommunestyret den 20. desember. Men det vart då vedteke å senda saka tilbake til administrasjonen slik at råda (eldrerådet, ungdomsrådet og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne) skulle få gje uttale i saka.

Saka om forskrift går til endeleg behandling i kommunestyret.


Tekst og foto: Vigleik Brekke