Vil ikkje splitta ny godshamn på fleire lokasjonar

Formannskapet er positiv til Bergen Havn sitt arbeid med å finna gode og kostnadseffektive løysingar for flytting av godshamna, men meiner at ei splitting av godshamna på fleire lokasjonar ikkje samsvarar med ambisjonane om ei framtidsretta og effektiv godshamn for regionen.

Formannskapet vil at ein skal arbeida vidare med planane om flytting av godshamna til Ågotnes - Klikk for stort bileteFormannskapet vil at ein skal arbeida vidare med planane om flytting av godshamna til Ågotnes.

Dette går fram av vedtaket i formannskapet tysdag. 

I vedtaket heiter det at ein ber selskapet vidareføra tidlegare vedtekne strategiar og intensjonsavtalar om flytting av godshamna til Ågotnes og å ha fokus på løysingar for finansiering av denne. Øygarden kommune forstår behovet for å finna ny lokasjon for utanlandsferjer, men påpeikar at mogelegheita for å etablera ei heilskapleg hamneløysing på Ågotnes må avklarast før ein investerer i planar og anlegg på Flesland.

- Den førelagde utflyttingsplanen inneheld eit omfattande investeringsbehov og må supplerast med økonomiske vurderingar med tilhøyrande finansieringsløysing før den kan handsamast, heiter det i vedtaket.

Formannskapet slutta seg dermed til tilrådinga frå kommunedirektøren i saka om flytting av godshamn til Ågotnes.

Ordførar Tom Georg Indrevik opplyste på møtet at det vert teke initiativ til eit fellesmøte mellom kommunane Alver, Askøy, Bjørnafjorden og Øygarden. Han var oppteken av at omegnskommunane til Bergen står samla i denne saka. 

Vil byggja ny gjenbruksstasjon

Styret i ØyVAR AS ønskjer å byggja ny gjenbruksstasjon innanfor ei ramme på 68 millionar kroner der 53 millionar kroner gjeld ny gjenbruksstasjon og 15 millionar kroner er tenkt bruk til andre formål.

Formannskapet tok saka til orientering og godkjende investeringsramma på inntil 68 millionar kroner. Reguleringsplanen for utvida gjenbruksstasjon i Lonavegen vart godkjent i 2015. 
Ny gjenbruksstasjon på Straume vil vera ferdig i 2025.

Føreslår å auka budsjettramma med 115 millionar kroner

Kommunestyret skal den 21. juni vedta revidert budsjett for 2023. Formannskapet slutta seg til innstillinga frå kommunedirektøren. Dei største påplussingane er innan Helse og velferd (40,5 millionar kroner) og Kultur og samfunn (31,75 millionar kroner). Ramma er auka også mellom anna for kommunalsjefområda Oppvekst og Organisasjonssikkerheit, lønsoppgjeret og renteutgifter. Kostnadsauken vert dekt ved auka skatteinntekter, auka eigedomsskatt, auka utbyte frå Eviny, auka integreringstilskot og bruk av disposisjonsfond.

Etter framlegg frå Høgre, KrF, Frp og Sotralista vart det i tillegg tilrådd å plussa på innføring av aktivitetskort for barn inntil 16 år i låginntektsfamiliar frå hausten 2023 (500 tusen kroner), to nye miljøterapeutstillingar til skulane frå hausten 2023 (eín million kroner) og ulike prosjekt i Bergen og Omland Friluftsråd (Ovågen, Hitsøyna, Sætravika og Geitavika friluftsområde) med tre millionar (og to millionar kroner i 2024). Påplussingane vert dekte med å auka skatteanslaget med 4,5 millionar kroner.

På investeringsbudsjettet er det plussa på med 10 millionar kroner til oppgradering av uteområde til skular. Dette vert dekt inn med ubundne investeringsfond. Formannskapet ber om ei sak med forslag til skular som treng oppgradering av uteområda.

Dei same partia fekk støtte for eit forslag om å be om ei sak med utgreiing av fritidskortet for barn i grunnskulen. Saka vert lagt fram til behandling i kommunestyret i budsjettmøte i desember 2023.

Endringsforslaga vart tilrådd med Høgre, KrF, Frp og Sotralista. Mindretalet (Ap, Folkets parti FNB, Sp og MDG) røysta for innstillinga frå kommunedirektøren.

Frå møtet i formannskapet tysdag. - Klikk for stort bileteFrå møtet i formannskapet tysdag.

Strakstiltak for barn og ungdom

Formannskapet følgde tilrådinga frå utval for tenester og levekår og vedtok å setja i gang fleire strakstiltak retta mot barn og ungdom. Bakgrunnen for saka er at Øygarden kommune har dei siste åra hatt ein auke i utfordringar knytt til psykisk helse og rusbruk blant barn og unge. Straume-området og Sartor Storsenter har særleg blitt ein opphaldsstad som fører med seg negativ og kriminell åtferd.

Tilrådinga
frå formannskapet til kommunestyret er slik:

1. Kommunestyret er positive til å etablera ei permanent tverretatleg og tverrfagleg ungdomsteneste i kommunen samansett frå ulike tenester i oppvekst og helse. Tenesta bør vera tilstrekkeleg robust til å kunna handtera svingingar i utfordringsbiletet og bestå av 6-8 årsverk. Det vert fremja sak om organisering, ressursbehov og moglege finansieringsløysingar inn mot budsjett og økonomiplan for 2024 – 2027.

2. Som eit strakstiltak vert stillingar i ungdomstenesta sett av til arbeid med særskilde utsette grupper på ettermiddag og kveldstid.

3. Det vert for neste halvår oppretta eit forsøk med utekontaktfunksjon som er tilpassa lokale forhold i Øygarden kommune. Finansiering vert å koma attende til i revidert budsjett.

4. Øygarden kommune inngår ei avtale med Basecamp om å ha ope fredagskveld til kl. 21, samstundes som ein dei neste åra styrkar dei kommunale klubbane i tråd med behova til dei unge. Det vert sett av 500.000,- til dette formålet i samband med revidert budsjett for 2023. Vidare finansiering vert å koma tilbake til i budsjett og økonomiplan for 2024 - 2027.

5. Kommunen jobbar vidare med organisering av eit samarbeid med frivillige organisasjonar om å få til Natteravn i Straume-området.

6. Det vert straks sett i gang eit arbeid med å få etablert eit allaktivitetstilbod på Straume, med tanke på uorganisert aktivitet for born og unge.

Senterpartiet og Arbeidarpartiet føreslo eit alternativ punkt seks slik: I samband med regjeringa si lansering av opptrappingsplan for psykisk helse oppmodar vi om at Øygarden kommune søkjer om å bli pilotkommune når det gjeld resultatmål 2: Lågterskeltilbod – ei dør inn. Dette v art samrøystes tilrådd.

Vil ta imot fleire flyktningar

Formannskapet tilrår overfor kommunestyret å gje kommunedirektøren fullmakt til å busetja 240 flyktningar i 2023. I fullmakta ligg det ein fleksibilitet til å busetja einslege mindreårige, familiar eller vaksne enkeltpersonar i samsvar med oppmodinga frå IMDi (Integrerings- og mangfaldsdirektoratet).

Bakgrunnen for vedtaket om auka mottak av flyktningar, er oppdaterte prognosar frå utlendingsforvaltninga som viser at det er behov for å busetja 38 tusen flyktningar i 2023. Øygarden er oppmoda om å busetja 240 flyktningar dette året.

Ny aksjonæravtale og nye styremedlemer frå Øygarden i Naturgassparken Vest AS

Formannskapet vedtok å gje kommunedirektøren fullmakt til å sluttforhandla ein aksjonæravtale med Naturgassparken Vest AS. Selskapet er eigd av Øygarden kommune (50 prosent) og CCB Energy Holding (50 prosent). Bakrunnen for ønsket om ein aksjonæravtale er utfordringar knytt til samarbeidet i styret.

Formannskapet tilrår vidare at det vert oppretta nytt styre med nye representantar. Etter forslag frå ordføraren vert det tilrådd at formannskapet gjev valnemnda fullmakt til å tilrå to representantar til styret i Naturgassparken Vest AS.

Formelt val av styre vert gjort på ekstraordinær generalforsamling i selskapet.

Funksjonstida til styret gjeld for eitt år, frå og med komande generalforsamling og fram til generalforsamlinga i mai/juni 2024.

Innfartsparkering

Formannskapet tilrår overfor kommunestyret å støttar oppsummeringspunkta i ei sak om innfartsparkering. Dersom kommunestyret sluttar seg til tilrådinga, inneber det at ein skal arbeida vidare med etablering innfartsparkering på Ågotnes på kommunal grunn rett nord for dagens innfartsparkering ved kollektivterminalen. Tiltaket vert finansiert ved å omdisponera 2,4 millionar kroner i beløningsmidlar frå prosjektet «bysyklar i regionsenter Straume». Saka vert avgjort av kommunestyret.

I saksutgreiinga går det fram at det er registrert om lag 450 parkeringsplassar for innfartsparkering ni stader i kommunen. Det er best kapasitet for slik parkering i straumeområdet og ågotnesområdet.

Avhendar av kommunale bygg

Etter framlegg frå Høgre, Sotralista, Frp og KrF vart det vedteke at Syltøy grendelag får kjøpa tomt framfor gymsalen for krone 1. Det skal utarbeidast ei avtale med Syltøy grendelag som sikrar Øygarden kommune attkjøpsrett til eigedommen ved ev. vidaresal for same beløp som salssummen. Øygarden kommune betaler dokumentavgifta for overføring av eigedomane på Tellnes og Syltøy. Kommunedirektøren arbeidar vidare med ei tilskotsordning for framtidige overdragingar av tilsvarande art, der kostnader til dokumentavgift vert dekt.

Administrasjonen går i dialog med grendelaga på Ekerhovd, Misje og Pollen. Når bygga er rivne, blir det lagt til rette for at bygdene kan setja opp eit enkelt bygg for eige behov. Kommunen bidrar med følgjande: - tilskot tilsvarande WC-bygg - tomten vert planert og sikra - kommunen dekkjer og hjelper til med byggjeløyve. Velforeiningane får disponera tomta så lenge ho blir brukt fellesformål for bygda. Dersom ein ikkje nyttar bygget innan ein periode på 3 år, går tomta tilbake til kommunen.

Tre saker knytt til Miljøløftet

Formannskapet behandla tre saker som gjaldt Miljøløftet. Formannskapet vedtok å senda sakene til kommunestyret utan tilråding.

Følgjer opp moglegheitsstudie Grøn Hub Vest

Formannskapet tok rapporten Grøn Hub Vest til orientering. Det vart vidare vedteke at Øygarden kommune saman med formannskapet i Askøy opprettar eit interimsstyre som får i oppgåve å avklara endeleg operativ organisering av Grøn Hub Vestland. Frå Øygarden kommune deltek konstituert dagleg leiar i Øygarden næringsutvikling KF saman med representant frå Vest Næringsråd (VNR).

Årsmeldingar og rekneskap

Formannskapet behandla tre årsmeldingar og rekneskap:
- Øygarden bustadutvikling KF
- Øygarden brann og redning
- Øygarden næringsutvikling
- Øygarden kommune
Formannskapet tilrår overfor kommunestyre å godkjenna årsmeldingane og rekneskapa.

Lønsjustering for kommunedirektøren

Formannskapet tilrår å gommunestyret gjer endeleg vedtak i saka.

Andre saker

Formannskapet tilrår rebudsjettering av investeringar frå 2022 til 2022 med ubrukte lånemidlar og momskompensasjon slik det går fram av saka. Saka går til kommunestyret.

Formannskapet tok sak om reorganisering av kommunale føretak til orientering og å be kommunedirektøren å koma tilbake med framlegg til organisering av føretaka i desember 2023. Saka går til kommunestyret.

Formannskapet tilrår at Øygarden framleis skal støtta prosjektet Nordhordland UNESCO biosfære, men ikkje som aktiv finansiell deltakar. Saka går vidare til kommunestyret.