Vil ha opptrappingsplan for å redusera fråvær

Utval for tenester og levekår behandla onsdag saka om tiltak for å redusera bekymringsfullt fråvær sett i samband med motivasjon og mobbing.

Frå møtet i utval for tenester og levekår onsdag. - Klikk for stort bileteFrå møtet i utval for tenester og levekår onsdag.

Utvalet samla seg om at det ved budsjett- og økonomiplan for 2024 vert fremja ein opptrappingsplan om at alle skulane skal ha tilsett miljøterapeutar eller fagpersonell med tilsvarande kompetanse innan 2028. Det skal utarbeidast retningslinjer for denne stillinga. I vedtaket er det lista opp korleis 1,5 millionar kroner, som er sett av til å redusera skulefråværet, skal nyttast. Les heile vedtaket her. (PDF, 94 kB)

Samarbeidsavtale med Museum Vest

Utvalet tilrår at kommunen inngår ein avtale med Museum vest om museal formidling utifrå Gjerdet kulturminnegard slik saka skisserer. Ny avtale med mellom Øygarden kommune og Museum vest skal innehalda ein intensjon om å kunne kopla inn igjen ansvar for museal formidling av Fjell festning, samt drift av kafeen når prosessen med stiftinga Fjell Festning er avklart.

Utsette sak om gjennomgang av BPA-ordninga i Øygarden kommune

Utval for tenester og levekår sendte saka tilbake til administrasjonen for å få innarbeidd innspel frå dei tre råda (råd for menneske med funksjonsnedsetjing, eldrerådet og ungdommens kommunestyre). UTL meiner at innspel frå råda viser at det er behov for ei avklaring når det gjeld kommunal organisering av BPA-ordninga. UTL viser til kommunestyrevedtak om å utarbeida kvalitetsnorm for tenesta, og meiner innspela frå råda gjer eit godt grunnlag for eit slikt arbeid. Tiltak for å redusera bekymringsfullt fråvær sett i samanheng med motivasjon og mobbing - nytt framlegg

Rekruttera og behalda helsepersonell

Utvalet tilrår tiltaksplan for å rekruttera og behalda helsepersonell slik han ligg føre.

Saka omhandlar korleis Øygarden kommune skal møta framtidas behov for å rekruttera og behalda helsepersonell og korleis ein ser føre seg at ein politisk kan gjennomføra ulike tiltak. Det er utarbeidd ein detaljert plan for gjennomføring av målretta tiltak som møter framtidas behov. Tiltaksplanen viser omfang, tidsplan og i nokon grad økonomiske konsekvensar av tiltaka.

Det er formannskapet som gjer endeleg vedtak. Utvalet slutta seg til tilrådinga frå administrasjonsutvalet. Tilrådinga er slik:

  • Godkjenning av finansiering av tiltak slik det vert skissert i saka innanfor en ramme på 2,5 millionar kroner, vert vedteke og innarbeidd i revidert budsjett for 2023.
  • Det vert oppretta ei kommunal vikarpool.
  • Dei andre tiltaka vert finansiert innanfor eige budsjett for 2023 og gjennom ein opptrappingsplan med midlar budsjettert for 2024 og 2025.
  • Det vert arbeidd vidare med ein langsiktig strategi om å satse på sjukepleieutdanning og utdanning av helsefagarbeidarar lokalt i samarbeid med andre utdanningsinstitusjonar.

Revidering av vedtekter for barnehagane i Øygarden kommune

Med fem mot fire røyster (Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet) tilrår UTL vedtekter for kommunale barnehagane med dei endringane som er foreslått vert vedteke slik dei ligg føre frå kommunedirektøren. Vedtektene trer i kraft frå 15. august 2023 med unnatak for punkt 5.3 Ferie, som vi gjelda frå og med sommaren 2023. Endring av oppstart på barnehageåret og eventuelle konsekvensane dette vil få for SFO vert utgreidd i ei eiga politisk sak.  

Mindretalet tilrår reviderte vedtekter for kommunale barnehagar med dei endringane som er foreslått med unntak av punkt 5.3, Ferie. Mindretalet tilrår å oppheva vedtak om feriestengte barnehagar dei to siste vekene i juli månad og at finansiering av sommaropne barnehagar (om lag 500 tusen kroner) vert innarbeidd i revidert budsjett for 2023.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Skjenkeløyve
Utvalet vedtok at Sabrura Sartor AS på Straume får innvilga fast alminneleg skjenkeløyve for alkoholgruppe 1, 2 og 3, i omsøkte lokale.


Tekst og foto: Vigleik Brekke