Vil ha løysingar som fremjar sjøtransporten

Kommunestyret vil at Bergen hamn skal fokusera på løysingar som fremjar sjøtransporten i regionen i samsvar med vedtekne strategiar og visjonar.

Frå samtalar i pausen i kommunest - Klikk for stort bileteFrå samtalar i pausen i kommunestyret.

Kommunestyret behandla torsdag saka om finansiering og flytting av godshamna til Ågotnes.

I vedtaket heiter det vidare at Bergen Havn AS vert beden om å gå i dialog CCB AS og eigarane av basen på Ågotnes for å utgreia ei heilskapleg og framtidsretta hamneløysing på Ågotnes, som også inkluderer utanlandsferjer. Behovet for investering i nye hamneanlegg er eit resultat av behovet Bergen kommune har for å nytta dagens anlegg til byfornying.

- Bergen kommune er slik sett forplikta til å setja hamneselskapet i stand til å gjennomføra investeringane som er nødvendige, heiter det i vedtaket.

Etter framlegg frå Nils Kåre Skoge (H) vart det vedteke å be ordføraren å ta initiativ til eit møte mellom dei sentrale eigarane av Bergen Havn og CCB for å klargjera moglegheitene for videre samarbeid og dermed sikra flytting av all godstrafikk til Ågotnes. Kommunestyret ber vidare om at ordføraren tar initiativ eit møte mellom omlandskommunane for å klargjera ambisjonane i den politiske avtalen frå 2016.

Utvidar brannvernsamarbeid med Equinor

Kommunestyret ser positivt på moglegheita for samvirke og synergieffekt med eit tettare samarbeid med Equinor.

Bakgrunnen for saka er at det har over lengre tid vore vurdert eit utvida samarbeid mellom industriverna på Kollsnes/Sture og Øygarden brann og redning KF.

Kommunestyret slutta seg til dei vurderingane som brann- og redningssjefen legg til grunn i saka, og vedtok samarbeidsavtalen, slik han låg føre. Det vert bedt om at brann- og redningssjefen legg fram revidert branndokumentasjon der endringar, mellom anna grunna avtalen med Equinor, vert inkludert. Branndokumentasjonen vert så lagt fram for kommunestyret for godkjenning.

Avtalen mellom Equinor og Øygarden kommune vert signert på fredag.

Kjøper ny mannskapsbil til brannvernet

Kommunestyret vedtok å gå til innkjøp av ny mannskapsbil til Brann og redning. Kostnaden på 5,1 millionar kroner eksklusive meirverdiavgift vert finansiert ved bruk av ubundne investeringsfond.

I saka skriv kommunedirektøren at ved Ågotnes brannstasjon har Øygarden brann og redning (ØBR) to eldre brannbilar, eín mannskapsbil (15 år) og ein tankbil (21 år). Desse er no modne for utskifting. Innbyteverdien for eksisterande tankbil er svært låg, og styret i ØBR har vedteke å donera denne bilen til brann- og redningstenesta i Ukraina. Ettersom kommunestyret torsdag vedtok å kjøpa ny mannskapsbil, vert tankbilen donert til Ukraina. 

Mannskapsbilen denne saka handlar om, vil vera ei erstatning for både dagens vasstankbil og mannskapsbil. Dette er ei tenleg effektivisering av bilparken som også medfører redusert vedlikehaldsbehov.

Plan for førebyggjande arbeid for barn og unge

Kommunestyret vedtok at det skal utarbeidast ein førebyggjande plan for barn og unge.

Vedtaket inneber at det skal utarbeidast ein heilskapleg plan som består av en førebyggande plan, som politisk strategiplan med følgjande administrativ handlingsplan. Planen skal ta for seg heile oppvekstområdet frå barnehage, skule, idrett og fritid. For å sikra god førebygging og god hjelp til barn, unge og familiar må det leggjast vekt på godt samarbeid mellom oppvekst, barnevern, helse, politi og NAV. Idrettslag og frivilligheita elles må inkluderast i arbeidet slik at det vert utvikla felles plattform som igjen gir gode rammevilkår for ei sentral oppvekstarena. Arbeidet med planen skal innom den politiske styringsgruppa (UTL) i kvart møte, og den administrative arbeidsgruppa skal avstemme status med dei politiske forventningane.  Planen skal utarbeidast i eit PDF-format (papirversjonen) , vera lettfatteleg og gje den same informasjon som den digitale løysinga. Framdrift i planen skal jamleg presenterast i kommunestyret.

Det vart fremja fleire forslag i tillegg til tilrådinga frå utval for tenester og levekår. Desse vart samordna og vedtekne samrøystes.

I planen bør det gå fram at det førebyggjande arbeidet med barn bør starta før dei tek til i barnehagen. Førebygging bør ein ha fokus på allereie i svangerskap og på helsestasjon. Grunnlaget for resten av livet vert lagt tidleg i livet til barnet. Det må setjast spesielt fokus på rettleiing innan relasjon og tilknyting. I barnehagen er det kanskje allereie behov for tiltak.

Vidare planarbeid må presisera ei skildring av korleis reell involvering skal sikrast. Kommunedirektøren sitt forslag til vedtak peika sjølv på nyanseforskjellar mellom "førebygging" og "tidleg innsats". Barn, ungdom og familiar som har komplekse behov, vanskeleg omsorgssituasjon eller på annan måte er marginalisert, er sjeldan godt representert i råd, brukarpanel eller andre strukturar for medverknad i offentleg sektor.

Utval for tenester og levekår skal fremja ein framdriftsplan for arbeidet med den aktuelle planen som skal leggjast fram for kommunestyret.

Skal vurdera solcellepanel på rådhustaket saman med andre energisparingstiltak

Kommunestyret vedtok at moglegheiter for etablering av solcellepanel på rådhustaket vert vurdert saman med andre aktuelle energisparings- og vedlikehaldstiltak når energi- og tilstandskartlegging bygg 2023 er gjennomført.

Bakgrunnen for saka er verbalpunkt i budsjettvedtaket til kommunestyret i desember.

Kommunedirektøren skriv i utgreiinga at isolert sett kan eit slikt enkelttiltak føra til høgare prosjektkostnader og mindre gode løysingar. Han vurderer det difor som mest formålstenleg å sjå denne type tiltak samla med andre tiltak som bør gjerast på rådhuset slik at ein får eit samla bilete av investeringsbehovet. Dette er særleg viktig med tanke på at framtidig bruk av eksisterande rådhus er uavklart.

Godtgjering og velferdsgode

Kommunestyret vedtok innhaldet i «Forskrift om folkevalde sine rettar til godtgjersle og

velferdsgode» for perioden 2023-2027" slik ho ligg føre. Forskrifta skal behandlast av nytt kommunestyre som legg ho ut på høyring i oktober-møtet. Nytt kommunestyre vedtek endeleg forskrift i november-møtet.

Eit forslag frå Raudt om å redusera godtgjersla til ordføraren frå 100 til 90 prosent av godtgjersla til stortingsrepresentantane fekk tre røyster (Raudt og SV) og vart avvist.

Reglement for møte i folkevalde organ

Kommunestyret vedtok forslag til «Reglement for møte i folkevalde organ for perioden 2023-2027». Reglementet vert lagt fram for behandling i nytt kommunestyret i november 2023.

Årsmelding kontrollutvalet       

Kommunestyret godkjente årsmelding for kontrollutvalet i Øygarden kommune for 2022. Formålet med årsmeldinga skal vera å rapportere resultata av kontrollutvalet sitt arbeid til kommunestyret, som er kontrollutvalet sin oppdragsgjevar.

Finansrapport

Kommunestyret tok finansrapport pr. 31. desember 2022 til orientering slik han ligg føre. Det er også tilrådd å rullera/refinansiera seks lån på til saman 711,6 millionar kroner.

Utsette reguleringssak

Saka om detaljregulering for Ågotnes sentrum vart utsett.


Tekst og foto: Vigleik Brekke