Vil ha dialog om ny godshamn

Formannskapet vil at Bergen hamn skal fokusera på løysingar som fremjar sjøtransporten i regionen i samsvar med vedtekne strategiar og visjonar.

Styreleiar i Bergen Havn AS, Roger Valhammer, orienterte formannskapet om arbeidet med ny godshamn. - Klikk for stort bileteStyreleiar i Bergen Havn AS, Roger Valhammer, orienterte formannskapet om arbeidet med ny godshamn.

I tilrådinga til kommunestyret heiter det vidare at Bergen Havn AS vert beden om å gå i dialog CCB AS og eigarane av basen på Ågotnes for å utgreia ei heilskapleg og framtidsretta hamneløysing på Ågotnes, som også inkluderer utanlandsferjer. Behovet for investering i nye hamneanlegg er eit resultat av behovet Bergen kommune har for å nytta dagens anlegg til byfornying.

- Bergen kommune er slik sett forplikta til å setja hamneselskapet i stand til å gjennomføra investeringane som er nødvendige, heiter det i tilrådinga. Tilrådinga er identisk med innstillinga frå kommunedirektøren. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Tilrådinga var gjort etter at styreleiar i Bergen Hamn AS, Roger Valhammer, hadde hatt ein presentasjon for formannskapet.

I innlegget sa styreleiar Roger Valhammer at regionen treng ei godshamn og at det er avgjerande for næringslivet. Han viste til eigarmøte i september 2022 om å justera ned ambisjonsnivået for ei ny hamn. I presentasjonen vart det vist til to moglege alternativ. Her kan du lesa presentasjonen. (PDF, 3 MB)

Brannvernsamarbeid

Formannskapet er positiv til moglegheit for samvirke og synergieffekt med eit tettare samarbeid med Equinor.

Bakgrunnen for saka er at det har over lengre tid vore vurdert eit utvida samarbeid mellom industriverna på Kollsnes/Sture og Øygarden brann og redning KF.

Formannskapet tilrår vidare at ein sluttar seg til dei vurderingane som brann- og redningssjefen legg til grunn i saka, og rår kommunestyret til å godkjenna samarbeidsavtalen, slik han ligg føre. Avtalen medfører at det vert oppretta fire heiltidsstillingar i samsvar med det som kjem fram  under «Slutning» i saka. Det vert bedt om at brann- og redningssjefen legg fram revidert branndokumentasjon der endringar, mellom anna grunna avtalen med Equnior, vert inkludert. Branndokumentasjonen vert så lagt fram for kommunestyret for godkjenning.

Andre saker i formannskapet

  • Reglement for møte i folkevalde organ
    Formannskapet tilrår overfor kommunestyret forslag til «Reglement for møte i folkevalde organ for perioden 2023-2027». Reglementet vert lagt fram for behandling i nytt kommunestyret i november 2023.

     
  • Godtgjering og velferdsgode
    Formannskapet tilrår overfor kommunestyret innhaldet i «Forskrift om folkevalde sine rettar til godtgjersle og velferdsgode» for perioden 2023-2027" slik ho ligg føre. Forskrifta skal behandlast av nytt kommunestyre som legg ho ut på høyring i oktober-møtet. Nytt kommunestyre vedtek endeleg forskrift i november-møtet.
  • Søknad om samtykke
    Formannskapet vedtok å opna for forretning og handelsareal på inntil seks tusen kvadratmeter detaljvarehandel innanfor områderegulering for Bildetangen SE1. Det vert sendt søknad om samtykke til handelsetablering til Vestland fylkeskommune, i samsvar med saksutgreiinga.

     
  • Finansrapport
    Formannskapet tilrår overfor kommunestyret å ta finansrapport pr. 31. desember 2022 til orientering slik han ligg føre. Det er også tilrådd å rullera/refinansiera seks lån på til saman 711,6 millionar kroner.

     
  • Klage på avvising av klage
    I juli 2022 klaga Silje Ulveseth kommunestyrevedtaket i juni om ny skule for krinsane Ulveset og Skålvika. I september vart klagen avvist av kommunalsjef for Kultur og samfunn i september grunngjeve med at dette ikkje var eit enkeltvedtak med klagerett. Ulveseth klaga avvisingsvedtaket i kommunen. Klagenemndssekretariatet kunne ikkje sjå at det heftar feil ved vedtak om avvising av klagen frå Ulveseth. Som klagenemnd stadfesta formannskapet kommunen sitt vedtak i september om avvising av klagen. Vedtaket er endeleg og kan ikkje påklagast.


Tekst og foto: Vigleik Brekke