Vil godkjenna plan for vatn, avlaup og overvatn

Plan- og miljøutvalet (PMU) tilrår samrøystes at kommunestyret godkjenner kommunedelplan for vatn, avlaup og overvatn 2023-2035. Utvalet var samla til møte torsdag denne veka.

Pausesamtale. Frå venstre; nestleiar i PMU Michael Sangolt, leiar Børge Haugetun og medlem Elisabeth Erichsen Sandvik. - Klikk for stort biletePausesamtale. Frå venstre; nestleiar i PMU Michael Sangolt, leiar Børge Haugetun og medlem Elisabeth Erichsen Sandvik.

Totalt investeringsvolum i planperioden er rekna til 456 millionar kroner for vatn og 322 millionar kroner for avløp. I tillegg er det satt opp ein årleg «sekkepost» for sanering for vatn og avløp på 144 millionar kroner og 112 mill. for sanering av vass- og avløpsleidningar i planperioden. 

Det er det kommunalt eigde aksjeselskapet ØyVAR som har utarbeidd planen. I forrige periode var det utval for samfunnsutvikling som følgde opp denne saka. Planen set mål og strategiar for arbeidet i planperioden og gjer klart kva utfordringar som ligg føre. Ansvaret for oppfølging av innhaldet i planen er tillagt både ØyVAR og kommune.
Tiltakslista til planen er sjølvkostfinansiert og vil ikkje har direkte innverknad på kommuneøkonomien utover at prognose for auka gebyrsatsar også vil gjelda for kommunale bygg og anlegg. 

Saka går til endeleg behandling i kommunestyre.

Plan for massemottak 

Utvalet vedtok å leggja detaljregulering for Dalatippen på høyring. Planområdet er lokalisert på Dala om lag 2,5 kilometer nordvest for Skogsskiftet. Planen er å ferdigstilla eit massemottak for maskinell jordbruksdrift. Det nye arealet utgjer om lag 150 tusen kubikkmeter som svarar til 15 tusen lastebillass med massar. 

Planframlegget skal vidare bidra med å løysa behovet for mottak av reine masser i lokale prosjekt i Øygarden som har masseoverskot. 

- Det er i kommunen eit stort behov for godkjente deponi som kan ta i mot massar, og denne planen vil såleis bidra til nytte for lokalsamfunnet i Øygarden kommune, skriv kommunedirektøren i saksutgreiinga.

Frå møtet i PMU torsdag. - Klikk for stort bileteFrå møtet i PMU torsdag.

Tilrår å stoppa planar om nye veg på Blom

PMU tilrår at Øygarden kommune ikkje går vidare med planprosessen om ny veg mellom Blom og Energiparken. Vidare arbeid med planlegging av ny Dale bru, må vurderast når det er avklart om vegstrekninga blir omklassifisert til riksveg i komande Nasjonal transportplan (NTP).

I gamle Øygarden vart det i 2019 laga planprogram for denne vegstrekninga. Planprogrammet viste fem ulike forslag til trasear. Vestland fylkeskommune var negativ til alle dei fem skissert alternativa. I saksutgreiinga skriv kommunedirektøren at han finn det lite formålstenleg å bruka ressursar og arbeida vidare med alternativ som noverande vegeigar ikkje kan slutta seg til. 

I ein felles protokolltilførsel ber utvalet kommunedirektøren å halda tett kontakt og dialog med vegeigar om vidare prosess inkludert utbetring av naudsynte tiltak langs den aktuelle vegtraséen.

Saka går til sluttbehandling i kommunestyret.

Strategiplan for oppfølging av lovbrot

Plan- og miljøutvalet tilrår overfor kommunestyret å vedta strategiplan for tilsyn og lovbrotsoppfølging slik han ligg føre. 

Strategiplanen gjev oversikt over mål og prioriteringar for tilsyn og lovbrotsoppfølging etter plan og bygningslova. Planen gjer også greie for organisering, ressursar, finansiering, rutinar og rapportering. Planen gjeld fram til 31. desember 2025.

Utvalet behandla også 17 klagesaker.