Vil du delta i forskningsprosjektet Memory for Music?

Memory for Music ønskjer å undersøka om menneske med Alzheimers sjukdom kan oppnå betra funksjon gjennom innlæring av nye songar saman med ein musikkterapeut.

Logo for Memory for Music - Klikk for stort bilete

Kva inneber prosjektet for deg?

  • Du vil ha ein eigen musikkterapeut med kunnskap om Alzheimers sjukdom som kjem heim til deg eller ein annan stad som passar for deg.
  • Forskningsprosjektet vil vara totalt 12 månader for deg som deltakar.
  • Vi vil måla aktivitet i hjernen din ved hjelp av såkalla EEG. Du skal sitja godt i ein stol med ei spesiell hette med små sensorar som registrerer aktivitet og signal i hjernen din. Det er ingen kjend risiko eller biverknad av denne undersøkinga.
  • Vi vil også bruka andre målemetodar for å undersøka om musikklæring verkar positivt på hugseevna di for songar, kognisjon, humør og anna som er viktig i kvardagen.

Kven kan delta?

  • Du må vera over 65 år.
  • Du må ha diagnosen Alzheimer.
  • Du må framleis bu i eigen bustad, anten åleine eller saman med pårørande.
  • Du skal ikkje ha eller ha hatt jobb som musikar/songar.
  • Det er frivillig å delta i forskinga, og du kan trekkja deg når som helst undervegs utan å oppgi årsak.

Meld interesse/påmelding

Meld deg på ved å ta kontakt med demenskoordinator Hege Tveit på e-post hege.tveit@oygarden.kommune.no eller telefon 911 14 110.

Kontaktopplysningar 

Dersom du har spørsmål til prosjektet, kan du kontakta: 

Sjå nettsida til Memory for Music for meir informasjon.