Viktig nyvinning for Smith Stål

Smith Stål Bergen markerte på tysdag utviding av produksjonshallen og ny avansert slipemaskin.
- Dette er ein historisk dag for oss, seier dagleg leiar av Smith Stål Bergen, Frank Brandhaug. Ordførar Tom Georg Indrevik klipte snora.

Ordførar Tom Georg Indrevik fekk sjå den nye maskinen i drift. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik fekk sjå den nye maskinen i drift.

For å få plass til den nye slipemaskinen er lokala ved kaien på Søre Straume utvida med 800 kvadratmeter. Frank Brandhaug opplyser at den nye maskinen sliper 12 meter lange stålbjelkar i eí vending. Dei skarpe kantane på bjelkane vert med den nye maskinen runda av med 2 – 2,5 millimeter. Oljebransjen krev at bjelkane vert avrunda.

- Dei skarpe kantane er eit svakt ledd med tanke på lakking. Når bjelkane no er runda av sit lakken lagt betre. Avrundinga gjev også ein bonus med tanke på tryggleiken for dei tilsette. Tidlegare måtte medarbeidarane slipa dei skarpe kantane manuelt med vinkelslipar. Dette er eit stort framsteg, seier Brandhaug.

Slipemaskinen er spesialbygd for Smith Stål og unik i sitt slag i verda. Maskinen har kosta fem millionar kroner. Inklusive utviding av hallen, er det investert for 15 millionar kroner. 

- Ved manuell sliping gjekk det 45 minutt pr. bjelke. Med den nye maskinen vert bjelkane slipte i løpet av fem-seks minutt, seier Frank Brandhaug.

Frå opninga - Klikk for stort bileteDei tilsette var med på markeringa på onsdag.

Smith Stål i Bergen leverer stål, metall både til offshorenæringa og entreprenørar som brukar det i ulike bygg. På avdelinga i Øygarden er det 21 tilsette med in omsetnad på om lag 250 millionar kroner i eit normalår. Avdelinga i Øygarden har to lokalitetar på industriområdet på Søre Straume. På landsbasis har E-A. Smith AS om lag 800 årsverk. 

Ordførar Tom Georg Indrevik er imponert over kva framsteg den nye maskinen representerer.

- Det er fantastisk kva ei investering om dette bidreg både til betre produkt og betre HMS for dei tilsette. Det er viktig at bedrifta med dette er fremst i verda på teknologi for å levera gode produkt til marknaden, seier ordføraren.

Her er fleire bilete:

Frå venstre; Stein-Yngve Iversen (direktør for Smith Stål Sør-Norge), ordførar Tom Georg Indrevik, Bjørn Garvik (AIL, leverandør                                                                                                                                                                                             av slipemaskin), Frank Brandhaug (dagleg leiar Smith Stål Bergen) og Ronnie Høvik (driftssjef) - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Stein-Yngve Iversen (direktør for Smith Stål Sør-Norge), ordførar Tom Georg Indrevik, Bjørn Garvik (AIL, leverandør                                                                                                                                                                                                                               av slipemaskin), Frank Brandhaug (dagleg leiar Smith Stål Bergen) og Ronnie Høvik (driftssjef) - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Smith Stål