Viktig å visa lokal innovasjon

Det handla om Øygarden, Portugal og Island då godt og vel 80 deltakarar var samla til berekraftsseminar om sjømat på One Ocean i Bergen onsdag denne veka.
- Det er viktig å visa at det er mykje lokal innovasjon i Øygarden. Det er også kjekt med eit internasjonalt publikum, seier leiar i Vest Næringsråd, Kari- Anne Landro etter samlinga.

Her er nokre av dei som frå Øygarden på seminaret. Frå venstre; Kari-Anne Landro,  Anne-Sissel Fjæreide, Nils Kåre Skoge,  Jarle Glesnes, Helene Glesnes, Johnny Breivik og Tom Georg Indrevik. - Klikk for stort bileteHer er nokre av dei som kom frå Øygarden på seminaret. Frå venstre; Kari-Anne Landro, Anne-Sissel Fjæreide, Nils Kåre Skoge, Helene Glesnes, Jarle Glesnes, Silvia Haugland, Johnny Breivik og Tom Georg Indrevik.

Seminaret Visjonar frå havet - sirkulærøkonomi i praksis var eit samarbeid mellom Øygarden kommune (Øygarden næringsutvikling KF), Vest Næringsråd og NCE Seafood Innovation. Øygarden var godt representert på samlinga.

Ordførar Tom Georg Indrevik ønskte velkomen. Han er ikkje smålåten når han omtalar sin eigen kommune og var ikkje snauare enn at han i farten utropte Øygarden til den nest største kommunen i landet. Han tok seg raskt inn igjen med eit smil og avgrensa seg til at kommunen er den nest største kommunen i Vestland.

- Vi er glade for å ha med oss delegasjonen frå Portugal og Island og at vi kan fortelja om kva oppdrettsnæringa og fiskeforedlinga betyr for Øygarden og innovative prosjekt. Alt dette set Øygarden på kartet, sa ordføraren.

Anders Ekanger i Vest Næringsråd spanderte kamskjellrett frå Villa Fløyen. - Klikk for stort bileteAnders Ekanger i Vest Næringsråd spanderte kamskjellrett frå Scalmarin.

Storprodusentar

Sekkingstad, Sotra Fiskeindustri og Biomega presenterte verdikjeda frå mottak av laks til ferdigprodukt. Desse selskapa representerer fleire hundre arbeidsplassar og milliardomsetnad. Sekkingstad og Biomega held til på Skaganeset, medan Sotra Fiskeindustri er lokalisert i Porsvika.

Sekkingstad og Sotra Fiskeindustri slaktar og fileterer laks, medan Biomega av avskjær og slo produserer olje som råvare til Omega 3-tablettar og fór til dyr (hundar og kattar).

- Det er viktig å bruka råmateriale på ein måte som gjev meirverdi. Det viktigaste er å utvikla produkt for menneske først, sa marknadsansvarleg i Sekkingstad, Christine Fredheim.

Dagleg leiar i Sotra Fiskeindustri, Trond Nyegaard, orienterte om korleis bedrifta slaktar og fileterer laks. Bedrifta har mellom 160 og 180 tilsette. Fabrikksjef Chris Simmenes presenterte Biomenga som altså produserer altså olje for Omega 3 og dyrefór.

Det var også presentasjonar av Scalmarin, Tekslo Sjømat og Salmoncuts. Det vart også gjeve informasjon om eit norsk-islandsk-portugisisk initiativ for overføring av kunnskap og teknologi gjennom Roadmap4MarineCoproducts project, Icelandic Ocean Cluster og NCE Seafood Innovation.

Her er fleire bilete:

Frå venstre; Nils Kåre Skoge og jarle Glesnes og Helene Glesnes. - Klikk for stort bilete
Kommunedirektør Johnny Breivik og Anne-Sissel Fjæreide (kommunestyrerepresentant (H)). - Klikk for stort bilete
Robert Trellevik, Tekslo Sjømat - Klikk for stort bilete
Frå venstre; Trond Nyegaard (Sotra Fiskeindustri), Chris Simmenes (Biomega) og Christine Fredheim (Sekkingstad). - Klikk for stort bilete
Ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete

Tekst og foto: Vigleik Brekke