- Vi treng kunnskap om fortida

Laurdag var 80 personar på plass på Taremare på Kystmuseet då band 1 og band 3 av Øygarden bygdebok vart presenterte på laurdag.
- Skal vi byggja framtida, er det utruleg viktig å ha kunnskap om fortida, sa ordførar Tom Georg Indrevik før han markerte lanseringa ved å klippa av ei snor som var bunde rundt dei to banda. 

Frå venstre; Kenneth Bratland, Frode Fyllingsnes, Yngve Nedrebø, Åshild Nordstrand (språkvask), Tom Georg Indrevik, Kjell Alvheim og Jakob Henrik Hellesund.

Band 1 (Fangstfolk og fiskarbønder) er skriven av Frode Fyllingsnes og tek for seg historia til heile gamle Øygarden frå dei første menneska slo seg ned her og fram til om lag 1870. Band 2, om tida frå 1870 fram til 2020, kjem venteleg i 2025.

Også band 3 (Gard og slekt) for gardane Skjold, Stura, Hatten, Hovden Nordvik, Nautnes og Nordre Sæle vart presentert på boksleppet på laurdag. Dette bandet er skrive av Kjell Alvheim (leiar av bygdeboknemnda), Kenneth Bratland og Yngve Nedrebø. 

Seinare kjem det tilsvarande band for resten av gardane i gamle Øygarden (2024-2026). Kommunestyret i gamle Øygarden løyvde i 2017 12 millionar kroner til bygdebokprosjektet. 

Treng historieforteljingane

Tom Georg Indrevik viste til at dette området i si tid var blant dei fattigaste områda i landet. 

- Vi treng historieforteljingane. Vi ser her at i bygda bryr vi oss om kvarande, sa ordføraren og retta ei stor takk til alle som har bidrege i arbeidet med dei to første banda.

Forfattar av band 1, Frode Fyllingsnes, viste til omslagsbiletet på framsida som er frå Jurefethaugen sørvest på Toftøyna mot Storskova og havet. Dette er eit typisk landskap i Øygarden. Frå gamalt av skal folk ha trudd på at det heldt til underjordiske troll og tussar der. Fotograf er Alf Alden.

- I dette bandet følgjer vi historia kronologisk frå isen smelta og folket kom. Vi veit naturleg nok minst om den første tida. Svartedauen frå 1349 var ein katastrofe og førte til at 50-60 prosent av befolkninga kan ha mista livet. I den siste delen av dette bandet (1814-1870) var vårsilda i fokus. Etter kvart reiste fiskarane både sørover og nordover for å fiska sild. Dette gjorde dei i opne båtar. Det var eit tøft liv, sa Fyllingsnes som retta ein spesiell takk til bygdeboknemnda og Yngve Nedrebø og Kenneth Bratland.

Kjell Alvheim ved bokbordet. Mange nytta høve til å kjøpa dei to banda som vart presentert på laurdag. - Klikk for stort bileteKjell Alvheim ved bokbordet. Mange nytta høve til å kjøpa dei to banda som vart presenterte på laurdag.

Kjell Alvheim (forfattar av band 3 saman med Kenneth Bratland og Yngve Nedrebø) hylla mellom anna bestemora si som var ein god forteljar. Han gledde seg til sola gjekk ned og han som femåring kunne lytta til henne i skumringstimen.

- Ho fortale om bestefar hennar som deltok i napoleonskrigane. Han kom heim med fullskjegg og vart då konfirmert. Bestemor kunne fortelja om slekta. Ho minna om at det var ein grunn til at vi vart utstyrte med eín munn og to øyrer. Då kunne vi lytta dobbelt så mykje som vi snakka. Eg ser at det er mange politikarar som ikkje har hatt ei slik bestemor, sa Alvheim om minna om at no var det viktig at folk kjøper og les bøkene. 

Han takka også for all god hjelp så langt og sa at det er brukt for fleire hjelparar når ein skal arbeida seg sørover i kommunen med dei neste banda.

Byggjer kunnskap og identitet

Kenneth Bratland, som også har skrive i band 3, takka også alle hjelparane og nemnde kulturleiar Christel Møvik-Olsen, Statsarkivet, medforfattarane, Halvor Skurtveit for hjelp med bilete, Arvid Skogseth, Interkommunalt arkiv i Hordaland, Kystmuseet ved Bjørg Christophersen og Lennart Fjell og foreldra sine.

- Desse bøkene er kunnskapsbyggjande og identitetsbyggjande. Det er viktig å bruka primærkjelder for å få fram dei gode historiene. Dette er leseverdig. Vi treng ikkje Se og Hør, sa Bratland.

Ordførar Tom Georg Indrevik klipper sløyfa. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik klipte sløyfa.

Den tredje forfattaren, Yngve Nedrebø, sa at lesarane sikkert vil finna noko dei ikkje er samde i.

- Vi kjem med ny lansering om seks månader og så nytt band seks månader deretter om Gud og levedagane tillét det. Vi tek imot bilete med største glede, sa han.

Leiar i Øygarden Sogelag Jakob Henrik Hellesund sa at det var fantastisk å bla i bøkene. 

- Vi har fått på plass 12 millionar kroner frå kommunen til bygdebokprosjektet. Med Kjell Alvheim som gratisjobbar, trur eg vi kjem i mål og leverer eí bok kvart halvår. Takk til kommunen, forfattarane og alle som har kome med innspel! sa Hellesund.

Knut Arne Olsen i utgjevarforlaget John Grieg AS meinte at her var det gjort eit godt stykke arbeid. 

- Eg trur dette må vera den beste bygdeboka som er laga, sa Olsen.

Bøkene er til sals hjå lokale bokhandlarar og på innbyggartorga og biblioteka på Rong og i Skogsskiftet og på Straume.

Her er fleire bilete frå lanseringa:

Frode Fyllingsnes - Klikk for stort bilete
Yngve Nedrebø - Klikk for stort bilete
Kenneth Bratland - Klikk for stort bilete
Kjell Alvheim - Klikk for stort bilete
Signering - Klikk for stort bilete
To band - Klikk for stort bilete
Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Boka er rikt illustrert med bilete. - Klikk for stort bilete
Kake - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Knut Arne Olsen, John Grieg AS - Klikk for stort bilete
Kjell Alvheim (til venstre) og Jakob Henrik Hellesund - Klikk for stort bilete
To deltakarar - Klikk for stort bilete
Lennart Fjell (til venstre) og Kenneth Bratland - Klikk for stort bilete


 
Tekst og bilete: Vigleik Brekke