- Vi treng fleire karbonfangstprosjekt
Ordførar Tom Georg Indrevik talte til dei tilsette i Equinor i Øygarden og andre tilsette knytt til Northern Lights-prosjektet under den store opningsdagen 26. september.
- Northern Lights viser korleis vi kan bruka kunnskap og teknologi frå olje- og gassnæringa i nye grøne næringar, sa ordføraren.
Ordførar Tom Georg Indrevik talte til dei tilsette.
Kjersti Nordøy
Ordføraren starta talen sin med å fortelja om ei anna stor oppleving den siste tida. Kommunen har passert 40 tusen innbyggjarar. Dette vart markert ved at kommunen inviterte fire familiar med nyfødde babyar.
- Då snakka vi mellom anna om Northern Lights-prosjektet. Dette handlar om den komande generasjonen. Vi må gjera alt vi kan for å nå Paris-målet. Dette prosjektet kan hjelpa oss til det, sa han.
Ordføraren understreka at dette var ein historisk dag og at alle dei tilsette har spela ei viktig rolle. Men det trengst fleire CCS-prosjekt (karbonfangst og lagring av CO2).
- La oss fokusera på det store biletet. Det er vårt ansvar å utnytta kunnskapen og ekspertisen for å skapa ein berekraftig og robust verd. Som ordførar i Øygarden vil eg takka kvar og ein av dykk for di rolle i dette prosjektet. Innbyggjarane i Øygarden er stolte av å vera vertskap for Northern Lights og ser fram til vidare samarbeid, sa Tom Georg Indrevik.
Les meir om den store opningsfesten her.
Publisert 27.09.2024 09.23