- Vi håpar mange vil bruka bygget

Fredag føremiddag klipte varaordførar Anita Garlid Johannessen snora for å markera jenbruksløa på Straume for offisielt opna.
- Det er viktig at bygget vert teke i bruk av mange, seier varaordføraren.

Varaordførar Anita Garlid Johannessen klipte snora. Frå venstre; Julia Valeska Woehlert, Elna Lone, Ernst Einarsen, Halvor Skurtveit, Anita Garlid Johannessen, Bjørn Andersen, Julie Berge Westlye og Marian Guddal Hansen. - Klikk for stort bileteVaraordførar Anita Garlid Johannessen klipte snora. Frå venstre; Julia Valeska Woehlert, Elna Lone, Ernst Einarsen, Halvor Skurtveit, Anita Garlid Johannessen, Bjørn Andersen, Julie Berge Westlye og Marian Guddal Hansen.

Gjenbruksløa har ei lang historie. Går vi 65 år tilbake var dette ein «skjeneflor» der dyra kunne søkja ly. Gjenbruksløa ligg på haugen like ved eller som ein del av Sartorlunden som vart opna i 2019. Som ein del av ein utbyggingsavtale er gjenbruksløa gjeve som ei gåve til kommunen frå eit selskap knytt til Sartor Holding.

I bygget der over halve bygget har glasvegg, er det kjøken og ein amfi som kan nyttast ved arrangement. 

Ernst Einarsen i Sartor Holding fortel at bygget er bygd med gjenbruksmateriale. 

- Treverket kjem frå ei forretning på Sartor Storsenter og ein bygning i Alver kommune. Stokkar frå bygninga i Alver er kappa opp og lagt ned som golv. Bygget er tenkt som ein møteplass i parken, seier Einarsen som også er leiar i levekårsutvalet i Øygarden kommune.

Gjenbruksløa ligg like ved Sartorlunden - Klikk for stort bileteGjenbruksløa ligg like ved Sartorlunden.

Kultursjef Marian Guddal Hansen seier at sidan sommaren 2025 har det vore nokre arrangement i bygget som barneteater og Halloween-arrangement. Det er mogleg å nytta seg av bålpanne utandørs om ønskeleg. I gjenbruksløa er det også kjøken som kjem frå eit fråflytta lokale på kjøpesenteret.

- Det er svært kjekt at vi har fått eit slikt bygg. Vi håpar at mange vil ta det i bruk til ulike aktivitetar, seier ho og minner om at denne dagen også vert markert som avslutning for Friluftslivets år 2025.

Også varaordførar Anita Garlid Johannessen håpar bygget får mange brukarar.

- Dette er ei kjempefin gåve frå Sartor Holding. Det er viktig at bygget vert teke i bruk. Eg håpar vi kan finna ei ordning som gjer bygget lett tilgjengeleg, seier ho.

Inntil vidare må dei som ønskjer å nytta bygget til arrangement og liknande, tinga lokalet via Aktiv kommune.

Her er fleire bilete

Frå opninga av gjenbruksløa - Klikk for stort bilete
Frå opninga av gjenbruksløa - Klikk for stort bilete
Frå opninga av gjenbruksløa - Klikk for stort bilete
Frå opninga av gjenbruksløa - Klikk for stort bilete
Frå opninga av gjenbruksløa - Klikk for stort bilete
Frå opninga av gjenbruksløa - Klikk for stort bilete
Frå opninga av gjenbruksløa - Klikk for stort bilete
Frå opninga av gjenbruksløa - Klikk for stort bilete

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke