- Vi er klare for jobb

Fredag 1. september var ein stor dag for dei seks fordrivne frå Ukraina som no tek fatt på assistentjobbar på Fjell sjukeheim og Straume bu- og servicesenter.
- Vi ønskjer å vera til nytte, seier dei.

Desse hadde sin første arbeidsdag på Fjell sjukeheim og Straume bu- og servicesenter i dag. Frå venstre; Shkulipa  Tetiana, Hreben  Tetiana, Holetska Halyna, Cheffa  Nataliia, Leschinska Vira og Sevidova  Tetiana - Klikk for stort bileteDesse hadde sin første arbeidsdag på Fjell sjukeheim og Straume bu- og servicesenter i dag. Frå venstre; Tetiana Shkulipa, Tetiana Hreben, Halyna Holetska, Nataliia Cheffa, Vira Leschinska og Tetiana Sevidova.

Prosjektleiar i Ukraina-prosjektet, Monica Pedersen, opplyser at med dette spesielle prosjektet skal ein sjå på korleis ein kan ta inn anna arbeidskraft for å løysa oppgåver innanfor kommunalsjefområdet Helse og velferd der det ikkje er nødvendig med helsefagleg utdanning.

Dei seks er tilsette i assistentstillingar i seks månader med siktemål om at dei etter prosjektperioden er kandidatar for ordinær tilsetjing. Dei seks som er inne i prosjektet har forplikta seg til kva tysdag å delta på helseretta norskopplæring i regi av Vaksenopplæringa.

Tetyana Omelyanyuk frå Ukraina-prosjektet er med som språkstøtte og bidreg til at dei alle får ein god og mjuk start på tida som tilsett i Øygarden kommune.

Einingsleiar Ruth Bakke (til høgre) gav innføring i oppgåvene på sjukeheimen. - Klikk for stort bileteEiningsleiar Ruth Bakke (til høgre) gav innføring i oppgåvene på sjukeheimen.

Tusen takk!

Det var einingsleiar på Fjell sjukeheim, Ruth Bakke. Og einingsleiar på Straume bu- og servicesenter som tok imot dei seks assistentane fredag morgon. Det skal vera tre assistentar på kvar eining.

- Tusen takk for at vi får jobba her. Dette er eit fantastisk prosjekt. Mannen min er litt sjalu, seier Vira Leschinska og smiler.

- Eg er veldig glad for at vi både skal få læra norsk og arbeida, seier Tetiana Shkulipa.

Ruth Bakke gav innføring i oppgåvene på sjukeheimen.

- Ein bestemt person her skal rettleia dykk på kvar vakt og visa oppgåvene. Eg håpar de får seks fine månader her, sa einingsleiaren til dei tre assistentane skulle vera på sjukeheimen.

- Kva oppgåver skal assistentane ha?

- De skal vera med og laga frukost, lunsj og middag til brukarane og elles vera saman med dei. De skal gjerne vera med inn på rommet til dei og hjelpa til der. Nokre treng hjelp til å eta. Elles skal de vera med å aktivitetar, gå på tur og rydda og lagra varer. De skal få god opplæring til alle oppgåvene. Eg opplever dette som ein vinn vinn-situasjon. Dei er tilsette er innstilte på dette. Språket er kanskje den største utfordringa i starten, seier Ruth Bakke.

Einingsleiar Helen Ågotnes gav innføring i arbeidsoppgåvene assistentane vil få på Straume bu- og servicesenter. - Klikk for stort bileteEiningsleiar Helen Ågotnes gav innføring i arbeidsoppgåvene assistentane vil få på Straume bu- og servicesenter.

Ønskjer å vera til nytte

Einingsleiar Helen Ågotnes tok imot dei tre assistentane som skal arbeida på Straume bu- og servicesenter.

- Her bur bebuarane heime. De skal få vera med på kjøkenarbeid, stella i stand måltid, setja på bordet, klesvask, gå på tur og vera saman med bebuarane. Kvar fredag kjem det fysioterapeut, og då kan de hjelpa til. Det vil nok ta litt tid før de kjem inn i alle oppgåvene, men de skal få god opplæring, sa Helen Ågotnes til dei nye assistentane sine.

- Vi ventar på oppgåvene og er klare for jobb. Dette betyr mykje for sjølvstendet vårt, seier Nataliia Cheffa.

- Dette er disiplinerande for livet, og vi opplever å vera til nytte. Vi har venta på å få ein dato for å starta med jobben, seier Halyna Holetska.

- Eg må berre jobba og vera til nytte. Eg er veldig glad for dette, seier Tetania Hreben.

Stolt kommunedirektør

Kommunedirektør Johnny Breivik seier at Øygarden kommune er ein stor arbeidsgjevar som vil ta sin del av ansvaret med å få dei fordrivne frå Ukraina ut i jobb.

- Eg er stolt over at vi no er i gang med dette konkrete prosjektet. Dei tilsette vil få eit skreddarsydd opplæringsprogram og får opplæring i helsenorsk kvar veke. Eg har stor tru på at dei vil oppleva jobben som meiningsfull og nyttig, seier han.


Tekst og foto: Vigleik Brekke