Frå venstre; Anne Irene Ulveseth (Brødrene Ulveseth), ordførar Tom Georg Indrevik, dagleg leiar Con-Form Bergen Eivind Kildal og Inger Kristin Ulveseth (Brødrene Ulveseth).Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga. Etter at bedriftene har dokumentert at dei kan få status som miljøfyrtårn, er det klart for utdeling.
Con-Form Bergen har hovudproduksjonen på Døsje i Øygarden med 22 tilsette. I tillegg har selskapet fire tilsette knytt til produksjonslokala i Samnanger. Selskapet vart etablert i 1996, men det har føregått elementproduksjon på Døsje sidan 1982 (Sotra Tre og Betong). I 2021/2022 vart lokala på Døsje utvida og modernisert. Her vert det mellom anna produsert holdekke, plattendekke, bjelkar, søyler, balkongar, vegger, trapper og brystningselement i betong.
Kundane til Con-Form Bergen er byggmeistrar og entreprenørar. På grunn av redusert aktivitet i bygningsbransjen for tida, utnyttar ein no om lag ein tredel av kapasiteten på anlegget. Totalt har selskapet kapasitet til å produsera for 100 millionar kroner i året på anlegget på Døsje.
Miljøfyrtårn er viktig for Con-Form.
- Vi er medvitne på dette ved innkjøp av forbruksmateriell, utnytting av transport og korleis vi disponerer varer og tenester. Det vert lagt vekt på å bruka dei mest miljøvennlege råvarene. Vi nyttar lågkarbonbetong som vert tilført varme. Det bidreg til redusert klimaavtrykk, seier Eivind Kildal.
Frå produksjonshallen på DøsjeCon-Form Group har om lag 400 tilsette. Brødrene Ulveseth eig 91 prosent av Con-Form Bergen.
- Det er viktig for oss å halda oppe denne produksjonen lokalt. Vi fokuserer også på arbeidsmiljøet, seier dagleg leiar i Brødrene Ulveseth AS, Inger Kristin Ulveseth.
Tekst og foto: Vigleik Brekke