Ver budd på glatte vegar

Etter ein periode med kaldt ver og snø, vert det omslag til mildare ver med snø, sludd og regn i helga. I overgangen er det forventa glatte vegar. Øygarden kommune prioriterer å halda vegbanen fri for snø.

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bileteIll.foto

Leiar for eigedomsforvaltning, Christian Alsaker, seier at det er utfordrande å halda fortaua fri for snø når det er kraftig snøfall. Det er også krevjande å finna plass til snøen i samband med brøytinga.

- For å sikra beredskapen, må vi prioritera brøyting av vegbanen. Utrykkingskøyretøya treng minst tre meter breidde for å koma fram. Hugs også på dette når du parkerer! Elles jobbar vi med å frigjera kjeftslukar for snø og is for dermed å redusera oppsamling av vatn. I helga må folk vera førebudd på at vegane vert glatte. Ikkje minst gjeld dette sidevegane, seier han.

Øygarden kommune er generelt i beredskap. Det er sett inn ekstra bemanning i heimetenesta i helga. 

- Her vil nødvendig helsehjelp ha høgste prioritet. Elles har vi god dialog med dei pårørande. Mange pårørande har teke eit ekstra tak den siste tida. Det er vi svært takksame for, seier assisterande kommunalsjef for Helse og velferd, Tove Helleland.


Tekst og foto: Vigleik Brekke