Velkomen til sommarmusikal 25. juni!

Øygarden kulturskulekor set opp sommarmusikal for tredje år på rad dei første dagane i sommarferien. Sundag 25. juni kan du sjå og høyra koret og oppleva ulike songar, dans og morosame replikkar.

Kulturskulen inviterer til sommarmusikal sundag 25. juni. - Klikk for stort bileteKulturskulen inviterer til sommarmusikal sundag 25. juni.

Manus, regi og koreografi er ved Yvonne Algrøy, og musikalsk leiar og produsent er Åshild Eriksen, dirigenten i koret. Med seg har dei også fire unge musikarar som alle er og har vore elevar på Langhaugen vidaregåande skule på musikklinja.

I musikalen får vi møta elevar og lærarar som har si siste veke på skulen før sommarferien. Dei skal øva på ulike songar til underhaldning på skuleballet.

Velkomen til ei hyggeleg stund i kultursalen på Øygarden rådhus sundag klokka 17.30.

Her er fleire bilete frå øvinga fredag ettermiddag: 

Kor - Klikk for stort bilete
Kor - Klikk for stort bilete
Kor - Klikk for stort bilete
Musikarar - Klikk for stort bilete
Åshild Eriksen - Klikk for stort bilete
Yvonne Algrøy - Klikk for stort bilete