Vel gjennomført UKM 2024

Laurdag 17. februar deltok i underkant av 60 ungdommar frå Øygarden og Askøy på UKM på Ungflimmer ungdomskultursenter på Florvåg på Askøy.

UKM er ein møteplass for ungdom som driv med ulike kulturuttrykk, og denne gongen var det innslag i kategoriane kunst, musikk og teater. I tillegg var det ei arrangørgruppe beståande av ungdommar som deltok både i planlegging og gjennomføring av arrangementet.

Det vart laga ei flott kunstutstilling med om lag 40 verk av 12 ulike kunstnarar. Under opninga av utstillinga var det fleire av dei unge kunstnarane som valde å ta ordet og fortelje om sine bilete.

Då sceneprogrammet starta kl. 15.00 var det full sal på Ungflimmer. To flinke konferansierar frå arrangørgruppa leia publikum gjennom eit variert program med både klassisk musikk, hiphop, teater og rock.

Elevar frå Øygarden kulturskule var godt representert både på scenen og i kunstutstillinga.

I etterkant av arrangementet vil nokre av deltakarane få tilbod om å representere Øygarden kommune på fylkesfestivalen til UKM 19.-21. april.

Sjå bileta frå arrangementet:

The Natural Disasters, band - Klikk for stort bilete
The Gettyjetts, band - Klikk for stort bilete
Roller og boller, teaterframsyning - Klikk for stort bilete
Opning av kunstutstillinga med Mateusz Bartkowski og Aureja Jasulaityte - Klikk for stort bilete
Kira Lokøy Jensen, song - Klikk for stort bilete
Nicolai Einarsen, song og piano - Klikk for stort bilete
Konferansier Kelsie Nesse Leemans - Klikk for stort bilete