Vedtok to reguleringsplanar

Kommunestyret vedtok torsdag to reguleringsplanar. Planane gjeld Skogsskiftet sentrum og landbasert oppdrett på Oksneset. Det var også gjort oppstartingsvedtak for rehabilitering av Fjell kyrkje og utbetring av uteområde ved Brattholmen skule. Dette var nokre av sakene i kommunestyret.

Planen inneber mellom anna ombygging av vegen og krysset i Skogsskiftet. - Klikk for stort biletePlanen inneber mellom anna ombygging av vegen og krysset i Skogsskiftet.

Når det gjeld detaljregulering for Skogsskiftet sentrum vart det vedteke å tillata handelsareal, kontor og lager på opptil to tusen kvadratmeter som er ein auke på tusen kvadratmeter frå dagens storleik og som framlegg til føresegner syner. 

Kommunestyret ber aom at administrasjonen set straks i gang vidare arbeid med utbyggingsavtale slik at rekkefølgjekrav kan sikrast økonomisk. Dette arbeidet må ein ta sikte på skal vera ferdig så raskt som mogleg, helst innan utgangen av 2023.

Denne planen handlar om framtidig arealbruk for kommunedelsenteret Skogsskiftet. Målet er å leggja til rette for eit attraktivt senter å vera, bu og driva næring i.

Planen var ute til høyring i 2019 og fekk motsegn frå Statens vegvesen. Planen var på ny høyring vinteren 2021/2022 og er omarbeidd på fleire punkt, og det er funne løysing på alle motsegnspunkta.

Også detaljerguleringsplan for Oksneset vart vedteken. Formålet med planarbeidet til tiltakshavar Blom Settefisk AS er å leggja til rette for landbasert akvakultur som på sikt kan handtera heile produksjonskjeda frå smolt til matfisk. Tiltakshavar ønskjer å søkja om konsesjon på 30 tusen tonn fisk. Anlegget kan gje opp mot 40 arbeidsplassar fullt utbygd. Planen legg til rette for utviding av eksisterande masseuttak i sørvest. Nytt planområde med utviding er på totalt 155 dekar.

Vil starta arbeid ved Brattholmen skule

Det vart samrøystes vedteke å starta opp eit arbeid på uteområdet ved Brattholmen skule under føresetnad av at rimelegaste tilbod vert godkjent. Prosjektet vil mellom anna fjerna overvatn på skuleplassen. Kostnadsramma for Øygarden kommune er 17,7 millionar kroner.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Eigedom og samferdsle i Øygarden kommune, ØyVAR, Tellegruppen og Vestland fylkeskommune. Prosjektet omfattar overvatn, vatn og avlaup, veg og skuleplass. Det er sett av 10,65 millionar kroner til den kommunale delen av prosjektet. På bakgrunn av høg prisvekst, uvisse om grunnforhold og at omfanget av prosjektet ikkje var avklart ved oppstart, er det lagt inn ein meirkostnad etter anbodsrunde på sju millionar kroner.

Det vart vedteke å auka ramma for prosjektet og at meirkostnaden på sju millionar kroner vert dekt av tilgjengelege midlar i tre andre investeringsbudsjett. Eksakt rebudsjettering kjem fram i revidert budsjett i juni.

Klarsignal for rehabilitering av Fjell kyrkje

Kommunestyret vedtok å starta opp arbeidet med å vøla Fjell kyrkje. Kommunedirektøren vert beden om å koma tilbake med ei sak knytt til eventuelle stønadsordningar når nytt bevaringsprogram for kyrkjebygg ligg føre frå Barne- og familiedepartementet og Klima- og miljødepartementet.

Bakgrunnen for prosjektet er ei tilstandskartlegging hausten 2021 som viste omfattande skadar på kyrkja og at det er behov for snarlege tiltak. I økonomiplanen for 2022-2025 er det sett av 39 millionar kroner til prosjektet. Etter anbod ligg investeringskostnaden innanfor ramma. Akasia Eiendomsforvaltning AS vann anbodskonkurransen på grunnlag av kvalitet og pris.

Fjell kyrkje - Klikk for stort bileteFjell kyrkje

Vurderer å oppretta eige trafikkselskap

Kommunestyret vedtok i samband med saka om mobilitet og køproblematikk at kommunen i det vidare arbeidet skal vurdera å oppretta eige trafikkselskap som blant anna skal ta hand om skulekøyringa og samordna bruken av kommunale køyretøy. Intensjonen er å innføre ei transportordning som er langt meir fleksibel og tilrettelagt for barn og ungdom, personar med funksjonsnedsetjing og den eldre del av befolkninga enn tilfellet er i dag.

Kommunestyret tek elles saka til orientering og ber administrasjonen arbeida vidare med  tiltak for å løysa mobilitetsutfordringar i sentrumsområda i samband med arbeidet med tiltaksplanen til Mobilitetsplan vest og via arbeidet i Miljøløftet. Eit notat til uttale vart også vedteke. (PDF, 198 kB)

Skal utarbeida plan med mål å tilsetja miljøterapeutar i alle skulane

Kommunestyret behandla sak om tiltak for å redusera bekymringsfullt fråvær sett i samband med motivasjon og mobbing.

Kommunestyret vedtok at det i samband med budsjett- og økonomiplan for 2024 vert fremja ein opptrappingsplan om at alle skulane skal ha tilsett miljøterapeutar eller fagpersonell med tilsvarande kompetanse innan 2028. Det skal utarbeidast retningslinjer for denne stillinga. I vedtaket er det lista opp korleis 1,5 millionar kroner, som er sett av til å redusera skulefråværet, skal nyttast. Les heile vedtaket her (PDF, 94 kB).

Mindretalet på 16 røyster (Ap, delar av Sp, SV, MDG, og uavhengig) røysta for eit alternativ til punkt tre om å setja av 1,5 millionar kroner årleg til å jobba med tiltak for å redusera skulefråværet og styrkja læringsmiljøet i skulane.

Held fast på to veker feriestengde barnehagar

Kommunestyret behandla revidering av vedtekter for barnehagane i Øygarden kommune. Med 24 mot 19 røyster vart forslaget frå kommunedirektøren vedteken. Det inneber at vedtektene trer i kraft den 15. august med unnatak av punkt 5.3 om ferie som gjeld frå og med sommaren 2023. Konsekvensen av vedtaket er at kommunen held fram med feriestengde barnehagar dei to siste vekene i juli. Endring av oppstart på barnehageåret og eventuelle konsekvensane dette vil få for SFO, vert utgreidd i ei eiga politisk sak. 

Mindretalet på 19 representantar (Ap, Sv, Sp, Folkets Parti FNB, MDG, Raudt og uavhengig) røysta for å oppheva vedtaket om feriestengde barnehagar dei to siste vekene i juli månad og at finansiering av sommaropne barnehagar (om lag 500 tusen kroner) vert innarbeidd i revidert budsjett for 2023.

Frå kommunestyremøtet 11. mai - Klikk for stort bileteFrå kommunestyremøtet 11. mai

Tok sak om forlik i forsikringssak til orientering

Kommunestyret tok samrøystes saka om forsikringssak etter KOFA-gebyr til orientering. Øygarden kommune har inngått forlik med forsikringsselskapet CNA/Hardy og får eit forsikringsoppgjer på 7,8 millionar kroner. Dette utgjer om lag 95 prosent av kravet. Forsikringsoppgjeret med fråtrekk av advokatutgifter – totalt kr 7 300 000 - vert sett av på disposisjonsfondet. 

Kvartalsrapport

Kommunestyret tok kvartalsrapport for første kvartal 2023 til orientering. Ved utgangen av mars viser rapporten eit netto driftsresultat i underkant av ein halv million kroner betre enn budsjettert budsjett så langt i år. Kommunalsjefområda har eit samla meirforbruk på 32 millionar kroner.

Finansrapport

Kommunestyret tok finansrapport pr. 31. mars til orientering slik han ligg føre. Tre lån på til saman 446 millionar kroner vert tilrådd rullert/refinansiert.

Andre saker

Revidering av etiske retningslinjer

Kommunestyret vedtok reviderte etiske retningsliner for tilsette og folkevalde i Øygarden kommune slik dei låg føre.

Samarbeidsavtale for Vest brann- og redningsregion

Kommunestyret vedtok samarbeidsavtale for Vest brann og redningsregion kommunal oppgåvefellesskap. Det same gjeld samarbeidsavtale for Interkommunalt samarbeid mot akutt forureining Bergen region kommunalt oppgåvefellesskap.

Samarbeidsavtale for IUA Bergen region KOF

Øygarden kommunestyre vedtok samarbeidsavtalen for Interkommunalt samarbeid mot akutt forurensning Bergen region kommunalt oppgavefellesskap.

Høyringssvar Energikommisjonen

Kommunestyret vedtok uttale til NOU 2023:3 Mer av alt-raskere (Energikommisjonen). Les heile vedtaket her (PDF, 32 kB).

Fritak for politiske verv

Sindre Andreassen (uavhengig) fekk innvilga fritak frå sine politiske verv i kommunestyret, valnemnda og råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF) frå 11.05.2023 og ut kommunestyreperioden 2019-2023.

Kommunestyret 4. vara vert supplert med automatisk opprykk frå SV si kommunestyreliste, 5. vara som er Marianne Rosenvold. Nytt 5. varamedlem vert Maila Oen Hellesøy. Det vert ikkje vald nytt medlem i valnemnda då denne nemnda ikkje er i bruk så seint i kommunestyreperioden. Nytt medlem I RFF vert Symphorien Pombe (SV)


Tekst og foto: Vigleik Brekke