Vedtok arbeidsgjevarstrategi for Øygarden kommune

Administrasjonsutvalet vedtok på måndag arbeidsstrategien for perioden 2024 til 2026. Arbeidsgjevarstrategien skal gje retning for arbeidsgjevarpolitikken for kommunen og peika på strategiske satsingsområde.

Frå møtet i administrasjonsutvalet 22. april. Møtet vart leia av Nils Kåre Skoge (H). - Klikk for stort bileteFrå møtet i administrasjonsutvalet 22. april. Møtet vart leia av Nils Kåre Skoge (H).

I drøftinga i administrasjonsutvalet vart det peika på at arbeidsgjevarstrategien bar preg av å vera overordna. Kommunedirektøren opplyste at det vil koma meir konkret oppfølging i handlingsplanen.

I dokumentet går det fram at arbeidsgjevarstrategien skal bidra til at «Øygarden er ein god stad å bu, at innbyggarane har god livskvalitet og er eit kompetent, innovativt og produktivt samfunn».  

Arbeidsgjevarstrategien skal vera med på å sikra at leiarar og tilsette bidreg til at kommunen oppnår visjonen om å bli eit fyrtårn i ves. Tilsette som kjenner motivasjon, opplever fagleg og personleg utvikling og vert sett og anerkjent, er ein føresetnad for å få dette til.

Dei overordna strategiske måla for perioden er:

  • Leiing/arbeidsgjevarrolla
    Øygarden kommune har kompetente og tydelege leiarar i arbeidsgjevarrolla.
     
  • Utvikling og omstilling
    Øygarden kommune har høg utviklings- og omstillingskapasitet.
     
  • Kompetanse
    Øygarden kommune har kompetanse som møter behov i framtida.


Før behandlinga av saka om arbeidsgjevarstrategi, var det orientering om sjukefråvær på utvalde barnehagar og helse og omsorgsinstitusjonar og status for Kompetanse og bemanningssenteret (Kobs). 

Her kan du lesa innkalling med saksdokument og strategidokument.


Tekst og foto: Vigleik Brekke