Uveret: Vurder om du må køyra!

Det er svært store utfordringar på vegane på Vestlandet på grunn av mykje regn, skred og flaum. Det er særleg i indre strok at vegar er stengde eller kan verta stengde.

Foto av veg med overvatn. - Klikk for stort bileteIll.foto

Situasjonen er uoversiktleg og utviklar seg svært raskt. Statens vegvesen forventar at fleire vegar kan verta stengde av skred eller flaum på kort varsel.

– Vi ber alle om å vurdera om dei verkeleg må ut på vegen. Situasjonen er uavklart i heile Vestland. Terrenget er vassmetta, det regnar framleis og flaumtoppen i vassdraga er ikkje nådd. Det er mykje overvatn på vegane. Det er fare for alle typar skred. Vi ber instendig alle om å vurdera om dei må ut på vegen i kveld og i natt, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, drift og vedlikehold vest, Svenn Finden.

Politiet og Statens vegvesen oppmodar alle om å avgrensa trafikken på vegane til eit minimum. 

– Det er svært sjeldan at vi går ut med denne typen bodskap, men no finn vi det riktig, seier Finden.

Det er ikkje meldt om stengde vegar i Øygarden som følgje av uveret.

Les heile pressemeldinga frå Statens vegvesen her.

Oversikt over stengde og kolonnekøyrde vegar i Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland