Utsikter for overskot i 2023

Kvartalsrapporten for andre kvartal (pr. 31. juli) viser eit netto driftsresultat som er 68 millionar kroner betre enn periodisert budsjett så langt i år. Hovudgrunnen til godt resultat så langt i år, er auka inntekter.

Frå møtet i formannskapet torsdag. - Klikk for stort bileteFrå møtet i formannskapet torsdag.

Kommunedirektøren understrekar at det er knytt stor uvisse til prognosen. Formannskapet tilrådde på møtet torsdag å ta rapporten til orientering. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

I revidert budsjett for 2023 er det budsjettert med eit positivt netto driftsresultat på 4,6 millionar kroner.

Kommunalsjefområda har eit samla meirforbruk på kr 14 millionar kroner.

Det er dermed inntektene som er hovudårsaka til det gode resultatet så langt. Ved utgangen av juli var dei frie inntektene (skatteinntekter og rammetilskot) til saman kr 68 millionar kroner høgare enn periodisert budsjett. Eigedomsskatt per juli er fakturert med 131,8 millionar kroner. Dette er kr 4,6 millionar kroner meir enn periodisert budsjett.

- Korleis utviklinga vert vidare, er særs usikkert og vil vera avhengig av utviklinga både i kommunen og i landet som heilskap, skriv kommunedirektøren i saksutgreiinga.

Opnar Landrodalen for trafikk

Formannskapet vedtok at Landrodalen skal opnast for trafikk og at saka vert vurdert på nytt i samband med utarbeiding av ein samla trafikksikkerheitsplan for kommunen. I vedtaket heiter det også at arbeidet med trafikksikkerheitsplanen må gjennomførast i tett dialog med nærmiljøet og bebuarar i heile området.

Bakrunnen for saka er at Landrodalen er definert som farleg skuleveg og at svært få nytta han til å gå eller å sykla. Utval for samfunnsutvikling vedtok i mai i år å stengja Landrodalen fysisk med bom for gjennomkøyring i ein prøveperiode. Det har kome fleire reaksjonar på stenginga, og det vart halde eit møte med Landro skule, FAU og lokale velforeiningar den 5. september. Det kom fram at stenginga mellom anna har ført til utfordringar når det gjeld samkøyring til fritidsaktivitetar.

Kommunedirektøren hadde innstilt på å oppretthalda vedtaket i utval for samfunnsutvikling. Vedtaket om å gjenopna Landrodalen vart gjort med ti mot eí røyst (MDG).

Avtale om veterinærtilbod

Formannskapet ber administrasjonen å arbeida vidare med kommunane i veterinærdistrikt Bergen sør for å få plass ein avtale om vaktordning frå 2024. Ein vil koma tilbake til finansiering av ny avtale i budsjettet for 2024.

Distrikt sør er samansett av Askøy kommune, Øygarden kommune, Bjørnafjorden kommune (Os-delen) og Bergen kommune sør for Åsane. Det har vore utfordringar med å få eit tilstrekkeleg tal veterinærar til å bidra i vaktordninga. Bergen kommune føreslår at det vert inngått ein avtale mellom kommunane om å etablera ei 100 prosent fast stilling som kommuneveterinær. Stillinga skal fordelast på fire deltidsstillingar på 25 prosent. For Øygarden kommune vil deltaking i samarbeidet inneber ein kostnad på 400 tusen kroner i året (2023-satsar).

Gebyrforskrift for Bergen Havn

Formannskapet tilrår framlegg til revidert forskrift med nye saksbehandlingsgebyr for Bergen Havn Farvannsforvaltning IKS. Framlagde forskrift vil erstatta forskrift om saksbehandlingsgebyr for Bergen og Omland Farvannsforvaltning IKS av 5. juni 2019. Kommunestyret gjer endeleg vedtak.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument til møtet.

Tekst og foto: Vigleik Brekke