Underteikna første skulebesøksavtale med Øygarden

Øygarden kommune vart den første nabokommunen VilVite Bergen har underskreve skulebesøksavtale med. Dette skjedde på VilVite-senteret fredag ettermiddag.

Frå venstre; skulesjef Jon-Erik Egeland, administrerande direktør Lars Leegaard Marøy og ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bileteFrå venstre; skulesjef Jon Erik Egeland, administrerande direktør Lars Leegaard Marøy og ordførar Tom Georg Indrevik

Målet med avtalen er å styrkja samarbeidet mellom kommunen og VilVite og auka satsinga på matematikk, naturfag og teknologi. Øygarden kommune betalar 213 tusen kroner som dekkjer besøk for alle grunnskuleelevane i 2024, inklusive lærarar. Nokre få læringsprogram må betalast.

Ordførar Tom Georg Indrevik og skulesjef Jon Erik Egeland fekk omvising på senteret og let seg imponera. Ordføraren testa fleire aktivitetar. Han gler seg stort over denne avtalen.

- Denne avtalen bidreg til at elevane får kunnskap i ein spennande og gøy kontekst. Dei får læra gjennom lek og opplevingar. Det er også viktig for elevane å verta kjende med og glade i Bergen, seier ordføraren som håpar og forventar at skulane nyttar seg av dette tilbodet.

Skulesjef Jon Erik Egeland seier at tilbakemeldingane var gode då avtalen vart presentert for skuleleiarane.

-    Eg trur tilbodet vert nytta av skulane, seier Egeland.

Det var administrerande direktør Lars Leegaard Marøy som ønskte delegasjonen frå Øygarden velkomen til Vil Vite Bergen. Han hadde med seg assisterande direktør Hanne Grete Ringstad, formidlar Anne Mæland og marknads- og kommunikasjonsrådgjevar Martine Dyb-Andersen.

Frå venstre; Martine Dyb-Andersen, Tom Georg Indrevik, Lars Leegaard Marøy, Jon Erik Egeland og Hanne Grete Ringstad. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Martine Dyb-Andersen, Tom Georg Indrevik, Lars Leegaard Marøy, Jon Erik Egeland og Hanne Grete Ringstad.

Størst i Noreg

Vil Vite Bergen er det største vitensenteret i Noreg med 120 tusen besøk kvart år. Gjestene får utforska og eksperimentera med naturfag og teknologi der ein har som mål å skapa realfagleg lærelyst for store og små.

-Vi er glade for at vi fekk den første avtalen med Øygarden. Vi ønskjer å knyta oss til skulane i Øygarden for å auka interessa blant elevane som eit ledd i samfunnsoppdraget om å nå heile regionen vår. Dette kan bidra til at ungdom frå Øygarden ønskjer å utdanna seg i realfagleg retning, seier administrerande direktør Lars Leegaard Marøy.

Om lag 40 tusen elevar og lærarar besøkjer Vil Vite Bergen kvart år. Det vert formidla frå barnehagealder til og med vidaregåande trinn. VilVite er eit supplement til skuleundervisninga og tilbyr program, utstyr og fasilitetar som skulane ikkje har tilgjengelege. Alle programma er utvikla innan læreplanane for skulane.

Øygarden kommune må sjølv ordna med transport. Ordførar Tom Georg Indrevik seier at det er inngått ein avtale om kulturbillett med Skyss som er aktuell å nytta i denne samanhengen.

Her er fleire foto:
 


Tekst og foto: Vigleik Brekke